Hopp til innhold

Drosjenæringa i krise: Arnhild fryktar eldre kan bli meir isolerte

Mangel på drosjesjåførar i distrikta skaper uro. Mange stader er drosje det einaste alternativet for eldre, ifølgje pensjonistforbundet.

Arnhild Hegge, leder i pensjonistforeningen i Finnmark frykter fatale konsekvenser hvis en sjøfarmangel går utover drosjetilbudet i distriktene.

Arnhild Hegge, leiar i pensjonistforbundet i Finnmark fryktar fatale konsekvensar viss ein sjåførmangel går utover drosjetilbodet i distrikta.

Foto: Allan Klo / NRK

– Omgåande tenkjer eg på dei som har TT-kort, då vil dei og andre som er avhengig av drosjane bli meir isolerte, seier Arnhild Hegge.

Ho er leiar for Finnmark pensjonistforbund.

Ho og foreininga bekymrar seg for den aukande mangelen på drosjesjåførar i Noreg, og særleg i distrikta.

Les også Nye drosjeregler har gitt sjåførkrise i distriktet

Jon Ragnar Nilsen

Dei fryktar at drosjane kan forsvinna i mindre byar og små samfunn.

Det vil skapa problem for dei som har dette som einaste transporttilbod.

Utan eit godt drosjetilbod vil til dømes mange eldre slita med å komma seg til butikken, legen eller andre aktivitetar.

Hegge beskriv situasjonen alvorleg. Ifølgje henne er problemet allereie ein realitet.

– I Vardø har dei tre sjåførar, viss to av desse er i Kirkenes og ein i Tana på køyretur, har ein ikkje drosjar i Vardø.

– Eg ser at sjåførane er slitne

Også i Vadsø er det mangel på sjåførar.

Odd Harjo, drosjeeigar og dagleg leiar i Vadsø Taxi, fortel at dei har ni bilar, men berre sju av dei er i drift.

Dei slit med å dekkja behovet som er, og det går ut over dei tilsette.

– Eg ser at sjåførane er slitne, mange har også slutta fordi det blir lange vakter og mykje stress, det går på helsa til slutt.

Daglig leder i Vadsø Taxi Odd Harjo, han sier taxi næringen i Norge og distriktene sliter med sjåførmangel.

Odd Harjo er drosjeeigar i Vadsø. Han er bekymra for drosjetilbodet i distrikta etter endringar av regelverket. Han meiner politikarane må finna løysingar for å unngå at næringa døyr ut.

Foto: Sidsel Viik / NRK

Lovendringa har vorte ein fartshump

Harjo meiner mykje av grunnen til den oppstått sjåførmangelen er ei lovendring, som kom i 2020.

Då vart det sett strengare krav til å få driva med persontransport.

For å få det som i drosjenæringa heiter køyresetel, må ein no først bestå ein ny teori og ei oppkøyring, også kaldt drosjesjåføreksamen.

Harjo seier regelverket har vorte for komplisert å tidkrevjande.

– Problemet er tida det tek å få oppkøyring, ein av dei framtidige sjåførane mine, han byrja med dette i august, bestod oppkøyring, men ventar endå på å få køyresetel.

Han trur dette gjer at fleire vel bort yrket.

– Dei vil ikkje venta, det skjønner eg godt, for dei vil ha jobb.

La fram forslag til løysing

For å unngå ei krise og ein mangel på drosjar i framtida har Noregs Taxiforbund i Finnmark møtt transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

Her vart det fremja forslag til ei løysing som gjer at sjåførar startar i jobb, og tek drosjesjåfør-eksamen innan eitt år etter at dei starta.

Både Mikkola og Harjo meiner dette er ei løysing for alle.

– Då får sjåførane som startar hos oss høve til å jobba med krav om at dei må ta oppkøyring innan eitt år frå dei startar.

Bjørn-Eirik Mikkola er styreleder Norges Taxiforbund avdeling Finnmark.

Bjørn-Erik Mikkola styreleiar i Noregs Taxiforbund i Finnmark, meiner at dagens drosjeregelverk har slått feil ut, og har saman med transportkomiteen fremja forslag om ei dispensasjonsløysing.

Foto: Erik Andreassen / NRK

– Me ser på moglegheitene for å gjera grep

Men å gjera endringa i lova frå 2020 kan bli vanskeleg, meiner statssekretær Tom Kalsås.

Han seier det er viktig at det blir sett krav til drosjesjåførar for å sikra eit godt og trygt tilbod.

– Vi ser at dei prøvene vi har spesielt i Oslo har høg strykprosent som viser behovet for denne typen prøver. Samstundes ser vi at ut i distrikta er det lang ventetid.

Kalsås er open for å sjå på andre løysingar som kan betra situasjonen

– Vi ser på moglegheitene for å gjera grep, mellom anna korte ned ventetida, men andre ting som kan gjera det lettare, men å endra lova krev litt og tek tid.

Statssekretær i Samferdselsdepartementet Tom Kalsås (Arbeiderpartiet), sier det er blitt problematisk å beholde dorsjer i distriktene, og sier de jobber med å gjøre tiltak.

Tom Kalsås (Ap) er statssekretær i Samferdselsdepartementet. Han er samd i at det må gjerast endringar i lovverket, men seier det kan ta tid og at dei heller ser på andre løysingar som kan vera like effektive.

Foto: Morten Brakestad

Håpar på ei løysing før det er for seint

Styreleiar i Noregs Taxiforbund i Finnmark, Bjørn-Erik Mikkola håpar å få på plass ei løysing innan kort tid, og trur forslaget kan hjelpa med rekrutteringa.

– Då får vi dei inn og dei kan vurdera sjølv om dei ønskjer å halda fram, når dei har køyresetelen.

Viss ikkje så fryktar Mikkola at drosjenæringa forsvinn i distrikta.

– Eg er ikkje synsk, men det er store moglegheiter for at det blir døden i distrikta, det er dei miste plassane som blir borte først. Det er ingen som kan overta.

Les også Nye drosjeregler har gitt sjåførkrise i distriktet

Jon Ragnar Nilsen