– Eg forventa ikkje å vinne meisterskapet, men hadde press på meg. På arbeid spøka dei om at dersom eg ikkje vann, fekk eg ikkje arbeide der meir, fortel Ole Hallvard Johansen.
Vesterålingen er lærling hos Entreprenørcompaniet Nord AS i Tromsø.
– Eg har det artig kvar dag, sjølv om det kan vere tungt arbeid. Det er ei myte at bransjen er dårleg betalt. Vil man opp på eit kontor etter kvart, så har man jo moglegheit til det også, fortel Johansen.
Rekrutterar praktiske ungdommar
Det nordnorske meisterskapet for lærlingar i byggfaga tømring – og betongfag vart arrangert for åttande gong i Alta den 31. mai. Meisterskapet er eit av fleire tiltak for å auke rekruttering, status og interesse for yrkesfag.
– Skal vi ha eit konkurransedyktig næringsliv i nord, treng vi dyktige medarbeidarar. Meisterskapet er eit av fleire viktig tiltak for rekruttering av ungdom til byggebransjen, fortel Jack Johnsen i NESO.
– Vi har sett at det gir resultat å jobbe langsiktig med rekruttering. Saman med Nordland fylkeskommune har vi i NESO også etablerte ein vidaregåande skule for byggfag, seier Johnsen.
– Det var godt å vinne!
Fredrik Grongstad frå Mo i Rana stakk av med sigeren for beste lærling i tømrarfag. Han er lærling for MBA Entreprenør.
– Eg har alltid hatt lyst til å bli snikkar!
Han synast at dei som vurderar yrkesfag bør gå for det. Sjølv likar han praktiske yrke og gir mykje av æra for sigeren til medarbeidarane og sjefane sine.
Stor mangel på fagarbeidarar
Om ikkje fleire vel fagutdanning, vil Norge få eit underskot på 90 000 fagarbeidarar i 2035, ifølgje SSB. No manglar Norge 1100 tømrarar og 800 betongarbeidarar.
Nav si bedriftsundersøking 2016, viser at dei tre nordlege fylka har flest verksemder med rekrutteringsproblem som følge av få/ingen kvalifiserte søkarar.
Kunnskapsministeren på storskjerm
Dei seks ungdommane som deltok på Nord-Norsk meisterskap er alle fylkesvinnarar frå Nordland, Troms og Finnmark. Dei hadde ein omfattande nominasjonsrunde.
– Bedrifter i heile Nord-Norge har nominert lærlingar. Etter det har deltakarane konkurrert i teoretiske og praktiske oppgåver innanfor betong – og tømrarfag, seier Jack Johnsen.
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen meiner det burde bli utdanna fleire fagarbeidarar med kompetanse som arbeidslivet treng.
Rett før del to av meisterskapet, ein spørsmålsrunde som vart halden under NESO sitt årsmøte, kom kunnskapsministeren på storskjerm med videohelsing.
– Norge treng fleire fagarbeidarar! De er eit eksempel og viser at yrkesutdanning er like viktig som universitetsutdanning, og meisterbrev er like viktig som mastergrad, avslutta Røe Isaksen med.