Etter planen skulle ho klatre opp på Cho Oyu, som er det sjette høgste fjellet i verda, og Shishapangma, som er verdas fjortande høgste, i oktober. Ho skulle prøve å klatre dei 14 høgste fjella i verda på under seks månader og seks dagar.
Rekordforsøket var allereie i fare i september med manglande klatrelisens i Kina og dårleg vêr. No har ho gitt beskjed om at ho gir seg.
– Det er over for no. Akkurat nå prøver eg berre å avfinne meg med dei siste seks månadane, og den innsatsen vi har gjort for å prøve å få tillatingane for dei to siste fjella, Cho Oyu og Shishapangma, skriv ho i ei pressemelding.
– Det var heilt forferdeleg og eg har eigentleg ikkje trudd på det. Eg har framleis litt vanskar nå med å tru at det er over, seier Harila til NRK om da ho fekk beskjeden.
Fjellet som var neste for Kristin var Cho Oyu. Det skjedde ikkje.
Dei siste to toppane måtte ho gå frå Tibet.
Ho skriv vidare at dei prøvde alt for å klare å få lisens, men at det ikkje gjekk til slutt.
– Det har vore ei fantastisk reise. Det har og vore ei berg-og-dal-bane med mange opp- og nedturar, og mykje hard jobbing imellom.
Ho forsikrar at ho skal greie rekorden neste år og at det kjem ein film om forsøket når den er klar. Ho er no på veg til Noreg til familie og vener.
– Det hadde vore over
Men historia kunne vore ein helt annan hadde Harila ikkje hatt englevakt på ein av etappane. Det heldt nemleg på å gå ordentleg gale på veg opp Nanga Parbat (Pakistan).
– Eg blei treft av ein veldig stor stein på Nanga Parbat, som berre var nokon centimeter unna å treffe hovudet mitt, seier Vadsøværingen
– Kva hadde skjedd viss den hadde treft hovudet?
– Det hadde vore over. Heilt, heilt sikkert. Så det er klart litt har vi vore heldig, men vi har også vore i god fysisk og mental form, og gjort gode avgjersler til å unngå situasjonar, svarer ho.
Harila beskriv fleire skumle situasjonar, men legg til at ho aldri har vore redd.
Utruleg prestasjon
Ein som klatra opp på K2 saman med Harila tidlegare i år, var Frank Løke. Dei møttest 400 meter frå toppen. Han møtte henne også på basecamp på veg til Mount Everest i fjor.
Frank Løke og Kristin Harila et potetgull på toppen K2 i juli.
Foto: PrivatHan meiner det Harila har greidd er ein utruleg prestasjon.
– Dette er faktorar ho ikkje kan gjere noko med. Ho kan sjå seg sjølv i spegelen og vere fornøgd. Dette er ikkje hennar skuld.
Han heiar på henne og trudde ho skulle greie alle 14 toppane.
– Ho er ei kjempedame med bein i nasen. Eg ønskjer henne alt det beste, avsluttar Løke.
Ein annan bakgrunn
Lars Flatø Nessa var første nordmann på K2 i 2008. Det var saman med Cecilie Skog og Rolf Bae. Berre Skog og Nessa kom ned igjen i live.
Lars Flatø Nessa var på K2 i 2008 og mista ein god ven, Rolf Bae.
Foto: Privat– Prestasjonen hennar så langt er veldig imponerande, seier han.
Nessa fortel at K2 er det farlegaste han har gitt seg ut på og har ikkje nærma seg ein topp over 8000 meter sidan.
Nessa seier at konseptet og klatreforma Harila driv med, er ukjend for han.
– Det å setje rekordar og gjere det på kortast mogleg tid er ikkje noko ein er opptekne av i klatremiljøet. Ho har ein annan bakgrunn enn det eg og klatrevenane mine har.
Ingenting er umogleg
Nessa seier at alt blir forsterka når ein er i den høgda.
– Både å vere så mykje og lenge eksponert i den høgda og i komplekst utsett terreng, og det faktumet at det er eit rekordforsøk, det gjer det veldig risikabelt etter standarden min.
– Høgdepåverknaden og låge oksygentrykket er med på å auke faren for å gjere feil.
Nessa meiner ho har utnytta moglegheitene godt og viser at ho klarer å bruke dei vêrvindauga ho har fått.
Han trekk fram eit omgrep i klatring, «speed is safety».
– Det å korte ned tida ein er eksponert for farar ein ikkje har så god kontroll på. Ho har vore veldig rask både opp og ned, og komme seg ut av farlege situasjonar raskt.
Jo lenger ein er på slike fjell, jo større sjanse er det for at det går gale til slutt, meiner Nessa. Han trur ho er innforstått med risikoen.
– For meg ville det vore umogleg å klatre to fjell på ei veke, men ho har bevist at ingenting er umogleg, seier Nessa.