Hopp til innhold

Kasta bensin på tre personar: Dømt til fengsel

Ein latvisk mann er dømt til fengsel for å ha trua folk med bensin, for truslar og grov vald mot sambuaren sin og for ruskøyring. Retten meinte han også var skuld i ei alvorleg ulykke.

Oversikt over Honningsvåg i Nordkapp. Flere bygninger, båt og sjark.

Fleire av forholda den latviske mannen er dømt til fengsel for, skjedde i Nordkapp kommune. Mannen bur likevel på ein annan kant av landet.

Foto: Andrè Bendixen / NRK

34-åringen frå Latvia vedgjekk skuld på alle punkt da rettssaka nyleg gjekk Indre og Østre Finnmark tingrett. Han var rett nok delvis ueinig i omstenda rundt enkelte av påstandane.

Nå må han sone seks månader i fengsel for ei rekke alvorlege forhold.

Politiadvokat Ylva Helen Kvikstad og statsadvokat Kirsti Jullum Jensen i tingretten

Politiadvokat Ylva Helen Kvikstad (til venstre) var aktor i saka og fekk medhald i kravet om at den tiltalte skulle dømmast til fengsel i seks månader.

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

I april i 2023 oppsøkte han eit fiskebruk i Nordkapp og trua tre tilsette som var på utsida av bygget. Han var rusa og aggressiv. Det enda med krangling og knuffing.

Han henta så ei bensinkanne i bilen og trua med å kaste innhaldet på dei tre og tenne på.

Han kom ikkje så langt som til å tenne på. Ifølge dommen kom dei tre seg unna og inn på fiskebruket, der dei fekk låst døra etter seg. Mannen helte bensin også på ytterdøra til bruket.

I retten påstod han at det heile var meint for å skremme. Han avviste at det var ein trussel, fordi han ikkje hadde tenkt å tenne på.

NRK har tidlegare skrive om hendinga. Dagleg leiar ved fiskebruket skildra den gongen det heile som dramatisk.

Ifølge dommen forklarte dagleg leiar at det lukta bensin av både offera og inngangspartiet til fiskebruket.

Den latviske mannen blei til slutt pågripen av politiet. Det blei påvist at han hadde over 2,4 i promille.

Les også Forsøkte å tenne på tre personer: – Det var dramatisk

Nordkapp kommune

Alvorleg kollisjon

Dette var ikkje første gong tiltalte var i søkelyset til politiet. I retten måtte han også svare for ein alvorleg kollisjon som skjedde i Skipsfjorden i Nordkapp.

Ein junidag i 2022 kom han over i motgåande køyrefelt og kolliderte med ein annan bil.

I den møtande bilen sat det to utanlandske statsborgarar. Ifølge dommen fekk sjåføren brot i kneet, mens passasjeren fekk fleire kompliserte brotskadar i ein fot.

34-åringen var ruspåverka da han køyrde bilen, men skulda på at han fekk teknisk svikt på eit av bakhjula før kollisjonen. Retten trudde han ikkje på denne forklaringa. Blodprøver tatt rundt halvannan time etter kollisjonen viste over 2 i promille.

Det var ikkje første gongen mannen køyrde i rusa tilstand. Han er derfor frådømt retten til å køyre bil dei neste fem åra.

Han er også dømt til å betale 35.000 kroner i oppreising og over 300.000 kroner i erstatning til kvart av offera i den møtande bilen.

Forsvarsadvokat Anett Beatrix Osnes Fause.

Forsvararen til mannen, advokat Anett Beatrix Osnes Fause, bad retten frifinne han for bensinkastinga i Nordkapp og trafikkulykka i Skipsfjorden, eller dømme han på den mildast moglege måten.

Foto: Aurora Berg / NRK

Vald mot sambuaren

Mannen må også sone for fleire tilfelle av grov vald og truslar mot sambuaren sin.

Dommen skildrar episodar med slag mot hovudet og ansiktet.

Kvinna blei også dratt etter golvet og lugga. Retten fekk sjå fotobevis frå legevakta, som dokumenterte mange og kraftige blåmerke blant anna i ansiktet.