Hopp til innhold

Torskekvotane blir mindre, men fiskarane tener minst like godt som før

Det siste tiåret er torskekvotane i nord halverte og prisen er firedobla. Fiskeindustrien må kjempe om råvarene, både torsk, kongekrabbe og andre artar.

Svein Lyder, Jurij Gensaft og Arne Hansen på kaia i Dyfjord

Fiskekjøpar Svein Vegar Lyder (t.v.) slår fast at fiskerinæringa er på veg mot ein meir normal situasjon kor fiskarane ikkje tener like godt som før.

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

Torskekvoten i nord er på sitt lågaste sidan 2008 (sjå figuren nedanfor).

– Jo mindre råstoff, jo større konkurranse, seier direktør Stine Akselsen i Sjømat Norge. Ho leier organisasjonen sitt fagområde for industri og handel.

– Denne fisken skal ut i ein marknad, og det er marknaden som til slutt avgjer prisen, seier ho.

Stine Akselsen

– Jo mindre råstoff, jo større konkurranse, seier direktør Stine Akselsen i Sjømat Norge.

Foto: STIAN STRØM

Svak norsk krone

Den norske torskekvoten i nord er halvert i løpet av dei siste ti åra, mens prisen som blir betalt til fiskarane er firedobla i den same perioden.

95 prosent av den norske maten frå havet blir eksportert. Det gjeld også for torsken.

I førre veke kom meldingar om nok eit toppår for eksporten.

Akselsen seier den svake kronekursen er ein viktig årsak til det.
– Verdien er høg takka vere svekka norsk krone mot dei viktigaste valutaene som vi handlar med, seier ho.

Som regel blir fisken selt i dollar eller euro.

Det er den norsk-russiske fiskerikommisjonen som fastset torskekvotane i nord. For ti år sidan var den norske andelen på omtrent 445 000 tonn.

Da fekk fiskarane mellom 13 og 14 kroner per kilo torsk, viser ein oversikt frå Norges Råfisklag.

I år kan norske fiskarar ta omtrent 205 000 tonn.

Les også Forskarane tilrår kraftig kutt i fiske – ikkje nok for Kystfiskarlaget

Torskefiske

Godt betalt skrei

Etter nyttår har enkelte fiskemottak betalt 65 kroner per kilo torsk, nesten 20 kroner meir enn gjennomsnittsprisen i fjor – og bortimot dobbelt så mykje som minsteprisen Norges Råfisklag og Sjømat Norge blei samde om før jul.

Fiskekjøpar Svein Vegard Lyder er ein av dei som betaler godt.

Han forklarer det med at skreien, altså torsk frå Barentshavet på veg mot gytefelta ved kysten av Nord-Noreg, er eit attraktivt produkt.

– Den blir godt betalt i marknaden, og vi ønsker å dele inntektene med fiskarane i dei gode tidene. Det trur eg også trengst i året som kjem no – at ein prøver å hente ut det som er mogleg å hente.

Svein Lyder

Svein Vegar Lyder holder til i Dyfjord i Lebesby kommune.

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

Prisen fell seinare på året

Fersk skrei med tilbehøyr, det vil seie lever og rogn, er eit godt betalt sesongprodukt. Seinare på året fell prisane som regel ein del. Derfor er Lyder spent på året som kjem.

– Det er pengemangel der ute.

Han legg til at dei utanlandske kundane hans truleg ikkje har dei økonomiske bufferane dei hadde tidlegare.

– Sånn sett er det ei tøff verd. Kvotar på veg nedover og ei styrka krone gjer at det ikkje ser pent ut framover.

Sjarker venter på levering hos Coast Kjøllefjord

Både små og store fiskefartøy har hatt gode inntekter dei siste åra, til trass for mindre kvotar.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

Prisar har kompensert for kvotereduksjon

Trass i at torskekvotane i nord har gått nedover jamt og trutt dei siste åra, har det ikkje ført til uro i næringa.

Administrerande direktør Svein Ove Haugland i Norges Råfisklag forklarer det med gode prisar.

– Det store bildet viser at marknaden har vore sterk og godt i perioden. I tillegg har den norske krona svekt seg i heile tida frå 2013 og til i år. Det er også ei sterk drivkraft for gode fiskeprisar.

Det kan endre seg.

– Vi veit at det er dyrtid i marknadane og tøffare prioriteringar for forbrukarane, held Haugland fram.

Det påverkar truleg kva folk legg i handlekorgene når dei skal kjøpe middagsmat.

Valutaendringar kan også påverke forbrukarane sitt handlemønster ganske raskt.

– Da vil det blant anna påverke prisen som fiskarane får for fangstane sine, samanfattar Haugland.

Svein Ove Haugland

Trass i at torskekvotane i nord har gått nedover jamt og trutt dei siste åra, har det ikkje ført til uro i næringa. Administrerande direktør Svein Ove Haugland i Norges Råfisklag forklarer det med gode prisar.

Foto: Norges Råfisklag

Må rekne med svingingar

Det ligg an til kamp om fleire arter enn torsken. I Øst-Finnmark gjeld det først og fremst kongekrabbe. Kvoten er meir enn halvert frå i fjor til i år.

Fiskekjøpar Lyder er sikker på at prisane for krabbe, torsk og andre artar ikkje kompenserer for kvotenedgangen i tida som kjem.

– I det siste ein fått meir bevisstheit om det som skjer. Det er mange unge i næringa som ikkje har erfaring med slikt. Vi som er litt eldre har opplevd det. Nedturane var vanlegare før i tida. Det var tøffare, og svingingane var hardare og tettare enn no.

«Einar Erlend» (nå «Buefjord») setter snurrevaden under lofotfisket i 2013.

Skreifisket sikrer fiskarane gode inntekter.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

Lyder slår fast at fiskerinæringa har ein lang opptur bak seg.

– Den yngre generasjonen vakse opp i ein evig opptur. Då trur ein at det er slik det skal vere.

Han slår fast at næringa er på veg mot ein meir normal situasjon kor fiskarane ikkje får dei same store lottane (=fiskarane si form for løn) som dei siste åra.

– Du må gjerne meir på havet for å klare å skape ein grei lott for året, avsluttar han.

Les også Nok en gang vil forskerne at vi skal fange mindre torsk: – Det hele er et lite mysterium

Sisilie Skagen Johnsen (27). Fisker, skipper og alenemor.