Hopp til innhold

Markerte solidaritet med helsepersonell i Gaza

Fagforeiningar til legar, sykepleiarar, jordmødrer og psykologar står saman i hele Noreg. De ber om at meir må gjerast for dei som er på Gazastripen.

Helsepersonell i Tromsø viste sin støtte til kollegaer i Gaza.

Fleire stader i heile landet vart det måndag demonstrert for å vise solidaritet med helsepersonell i Gaza.

Lege og initiativtakar for demonstrasjonen i Tromsø, Oda Husebekk-Wiik, seier det er sjeldan at heile Helse-Noreg samlar seg på denne måten.

Ho meiner det er rett å støtte helsepersonellet i Gaza.

– Me skuldar kollegaene våre å holda håpet oppe. Eg trur me alle kjenner på ei desperat håpløyse i den situasjonen me står i. Me får dagleg oppdateringar frå kollegaene våre og ser kor forferdeleg det som skjer i Gaza er, seier ho.

Jo-Endre Midtbu, leder Troms legeforening og Oda Husebekk-Wiik, arrangør

Leiar i Troms legeforeining, Jo-Endre Midtbu, og lege og initiativtakar for markeringa i Tromsø, Oda Husebekk-Wiik.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Markeringane rundt om i landet vart støtta av Den norske legeforeining, Leger Utan Grenser, Norsk Sykepleierforbund og andre helseorganisasjonar.

Les også Ber sykehus komme på banen: – Ta avstand fra sykehus­bombing i Gaza

Sigrid Bjørnhaug Hammer (SV)

Gilbert med frå Egypt

Ein av dei som deltok i Tromsø, var Marthe Nissen. Ho er tillitsvalt i Yngre legars foreining ved UNN.

Ho seier at det er det kjenst naturleg å stå opp for kollegaene sine.

– Me kjenner på urettferda som kollegaene våre i Gaza blir utsette for. Helsepersonell skal aldri vera målskiver, same kvar ein konflikt går føre seg, seier ho.

Marthe Nissen, foretakstillitsvalgt Yngre legers forening, UNN

Marthe Nissen, tillitsvalt i Yngre legars foreining ved UNN.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Lege Mads Gilbert var blant talarane på aksjonen i Tromsø. Han har i 12 veker vore i Kairo og prøvd å komma seg inn i Gaza.

Gilbert var sjølv ikkje fysisk til stades, men heldt ein appell via telefon.

Mads Gilbert holder appell fra Egypt, initiattivtaker til demonstrasjon for Gaza, Oda Husebekk-Wiik, holder telefonen Gilbert taler gjennom.

Mads Gilbert holda appell frå Egypt. Initiativtakar til demonstrasjon for Gaza, Oda Husebekk-Wiik, holda telefonen Gilbert taler gjennom

Foto: Christian Kråkenes / CHRISTIAN KRAKENES

Han meiner at det å ikkje engasjere seg, er det same som å ta side med de som står bak angrepa.

Helsevesenet er på mange måtar øydelagt av bombing, mangel på utstyr, drivstoff, mat og medisinar. Likevel jobbast det døgnet rundt for å ta hand om dei skadde. Eg blir imponert over at dei ikkje bryt saman.

Les også Verifisert video viser angrep ved Gazas største sykehus

A wounded Palestinian girl is assisted at Al Shifa hospital, in Gaza City

– Rører oss ekstra sterkt

Også leiar i Troms legeforeining, Jo-Endre Midtbu, heldt appell for dei frammøtte.

– Me ser at helsepersonell blir angripe og at sjukehus er bomba. Det rører ved oss som jobbar i det tryggaste helsevesenet i verda ekstra sterkt, seier han til NRK.

Bånd Aksjon UNN

Kler seg i sørgebånd: – Skal ikke angripes mens vi redder liv

Flere nyheter fra Troms og Finnmark