Hopp til innhold

Helga kan smile heile vegen til røystelokalet

Arbeidarpartiet får ei oppslutning på nesten 50 prosent i Finnmark på ny måling.

Helga Pedersen førehandsrøyster i Tana

Helga Pedersen førehandsrøyster i Tana og gler seg over gode Arbeidarparti-tal i Finnmark.

Foto: Silja Arvola/NRK

Valglogo

Helga Pedersen er på veg for å førehandsrøyste i heimkommunen Tana, og kunne ikkje hatt betre nyheiter:

Fargar Finnmark raudt

I ei meiningsmåling NRK Finnmark har gjort saman med Amedia får Arbeidarpartiet over 48 prosent av røystene, dersom det hadde vore stortingsval i morgon.

Arbeidarpartiet tar nesten kvar femte høgrevelgar. Ikkje utan grunn, meiner Pedersen.

– Det handlar om at Høgre for to år sidan lova at Noreg skulle få betre skule, meir eldreomsorg og skattekutt. Høgre i regjering har berre levert på skattekutt, noko veljarane reagerer på, seier Pedersen til NRK.

Ordførarkandidat i motbakke

Hans-Jacob Bønå er ordførarkandidat for Høgre i fylkeshovudstaden Vadsø, og likar ikkje tala frå meiningsmålinga.

Hans-Jacob Bønå

Høgres Hans-Jacob Bønå seier partiet har ein jobb å gjere i Finnmark.

Foto: Kaspar Fuglesang / NRK

– Det er ut til at me har ein jobbe å gjere, seier Bønå.

– Kva skuldast det at Høgre mistar så mange veljarar til Ap?

– Eg veit ikkje. Det har vore mykje fokus i media på sentralisering. Kanskje det har påverka negativt?

Meiner det er lite entusiasme

Blant innbyggjarane i Vadsø merkast regjeringsslitasjen to år etter at Erna Solberg vart statsminister.

– Denne regjeringa har vel ikkje gjort så veldig mykje som har fått opp entusiasmen, seier Rolf Andreassen.

– Det har med heilskapen å gjere. Og kva regjeringa vel å prioritere av ting som er viktig for folk i kvardagen, seier Åse Niemi.

– Lite smart å fjere ekstra barnetrygd

Og Høgres ordførarkandidat i Vadsø innrømmer at det å fjerne ekstra barnetrygd for familiar i Nord-Troms og Finnmark ikkje var eit sjakktrekk for å vinne veljarar i nord.

– Det var lite smart å fjerne den, det vil eg påstå. Eg ser ikkje bort i frå at det er ei medverkande årsak til at tala seg slik ut no, seier Bønå.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark