Hopp til innhold

For Anne Moen har medisinen gjort underverk: – Det er ingenting å skamme seg over

Fleire med ADHD er leie av negativ omtale i media.

Anne Moen

TRENG MEIR OPENHEIT: – Eg er mamma til trillingar som alle fekk ADHD-diagnosen i løpet av ein toårs periode, seier Anne Moen. – Ettersom dette er arveleg, blei eg undersøkt i etterkant og fekk mistankane mine bekrefta. No har også eg diagnosen.

Foto: Privat

– Det er mange mytar og stigma rundt ADHD. Vi blir ofte sett i bås. Media har stor innverknad på omtala til diagnosen, og særleg skuleverket har ein lang veg å gå, fortel Anne Moen.

Etter at NRK publiserte saka om at tusenvis av studentar brukte prestasjonsdop som Ritalin, vakte det reaksjonar. Fleire med ADHD følte seg omtalt som rusmisbrukarar og sa det bidrog til å gjere kvardagen vanskelegare.

Anne Moen var ikkje ein av dei som tok kontakt, men kjenner igjen dei negative haldningane.

Ho er mamma til trillingar som alle fekk påvist ADHD-diagnosen i løpet av ein periode på to år. I etterkant fekk også ho diagnosen.

– Vi er veldig italienske i vår familie for å seie det slik. Som mamma er eg veldig nøye med rutinar som leggetider og kosthald.

Concerta pille

Stigmatiseringa bidreg til å polarisere debatten om ADHD. Dei som lir mest på grunn av dette er barn og unge. Dei møter lite forståing og får dårlegare hjelp, ifølge ADHD Norge.

Foto: Emma Clare Gabrielsen / NRK

ADHD er tabubelagt

– Eg trur mange med ADHD føler skam. Både positive og negative kjensler blir forsterka hos ein med denne diagnosen. Mange, inkludert meg sjølv, har opplevd mobbing. Det er vanskeleg å få innpass når ein er litt annleis.

Moen fortel om ei alvorleg grad av mobbing i barndommen. Det har ført til angst og depresjonar vidare i livet.

– Då eg endeleg blei diagnostisert, fekk eg svar på mange spørsmål om meg sjølv. Medisinen fekk heile «fabrikken Moen» til å roe seg. No klarar eg å halde ein tanke om gongen.

ADHD illustrasjon

Mange med ADHD har også andre vanskar som dysleksi, Tourettes syndrom, depresjon og angst. Men man skal passe seg for å generalisere, absolutt alle med diagnosen er ulike. (Illustrasjon)

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Media bygger opp om fordommar

– Stigmatiseringa bidreg til å polarisere debatten om ADHD. Dei som lir mest er barn og unge. Dei møter lite forståing og får dårlegare hjelp, fortel Gry Lunde, generalsekretær i ADHD Norge.

Gry Lunde

– ADHD går ofte i arv, fortel Gry Lunde, generalsekretær i ADHD Norge.

Foto: privat

Ho seier det er vanskeleg å nå ut med ny informasjon i media.

– Det er for dårleg kunnskap blant folk flest. Dette kan opplevast som ei belastning for dei med diagnosen.

Mellom 3 og 5 prosent av dei under 18 år har ADHD, og det totalt talet for den norske befolkninga er rundt 120.000.

– Det er viktig å poengtere at diagnosen ikkje er ein karakteristikk for personlegdommen til nokon, men at personen har eit hjelpebehov.

Er ADHD-medisin dop?

– Du kan spørje det same om morfin. Er det dop dersom ein pasient med kreft treng smertelindring? Svaret er nei, seier Randi Nesje Myhr.

Ho er overlege ved Barne -og ungdomspsykiatrien i Troms og fortel at ADHD er samansett. Svært mange har problem med «filteret». Lydar som ei surrande vifte kan ikkje stengast ute.

– Ritalin kan vere til god hjelp for nokre med ADHD, men fungerer ikkje for alle. Dersom medisinen blir brukt illegalt for å få ein rus, då er det dop, seier Myhr.

ADHD illustrasjon

– Vi har ADHD, men vi er ikkje ADHD. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Flere nyheter fra Troms og Finnmark