Hopp til innhold

Rune fullførte ekstremritt med opne sår i underlivet

Vonde bakendar høyrer med under lange sykkelritt. For supermosjonist Rune Helgesen gjekk det gale då både sår og bakteriar fekk utvikle seg inne i sykkelbuksa.

Rune Helgesen har begynt å slite i nærheten av Jotka fjellstue.

Med over 140 kilometer igjen til mål under ritt på Finnmarksvidda, fekk Rune Helgesen heftige sitjesår. Her tek han seg ein kvil for å dempe smertene.

Foto: Geir Lien

– Eg hadde ikkje noko erfaring med sitjesår frå tidlegare, seier Rune Helgesen (56).

No har han det. Og det til dei grader.

Sitjesår er ein del av den harde realiteten for mange syklistar. Under lange ritt kan det gå rett ille om ein ikkje set inn tiltak tidleg.

Du veit når vassblemmene sprekk og blir til opne kjøttsår.

Gnagsårets «point of no return» og nokre dagar utan sko ventar. Førestill deg at nettopp dette skjer, men i underlivet.

Dette er risikerer fleire syklistar no om dagen, med store ritt som mellom anna Arctic Race of Norway, Offroad Finnmark, Cykelvasan, Birkebeinerrittet og Grenserittet.

Sittesår er velkjent for syklister, men at det blir så alvorlig som hos Rune, er mindre vanlig.

Hovne, væskende sår hadde fått utvikle seg i underlivet til Rune Helgesen. Bakteriar som truleg har kome frå skit frå bakken, sørga for en kraftig infeksjon.

Rune ble flydd med ambulansefly fra Alta til Hammerfest, hvor han ble behandlet for infeksjon i underlivet.

Rune Helgesen blei raskt flogen fra Alta til sjukehuset i Hammerfest for behandling.

Sammen med Geir Lien syklet Rune Helgesen inn til seier på OF700 lag.

Rune Helgesen var tydeleg forslått etter målgang og reiste straks på legevakta i Alta. Lagkamerat Geir Lien til venstre.

Helgesen frå Råholt i Eidsvoll fekk finnmarksopphaldet forlengt med fem dagar på sjukehus, etter å ha delteke i rittet Offroad Finnmark.

Han hadde fått tips om å skifte sykkelshorts ofte. I tillegg hadde han regnbukse over dei mest gjørmete partia for å unngå å få for mykje stein og skit inn i buksa.

Likevel:

– Etter 550 kilometer byrja eg å smørje meg med salve for å førebyggje, men då var det for seint, seier Helgesen.

På etappen mellom Màze og Kautokeino gikk Rune over styret. Etter en legesjekk fikk han go for å fortsette. Etter røntgen noen dager senere fikk han påvist både nesebrudd og sidebeinsbrudd som følger av velten.

Rune Helgesen fekk hard medfart på vidda. I starten av rittet fall han over styret. Resultatet vart knekt nase og ribbein, men han heldt fram.

Foto: Rune Helgesen

Strabasiøs ferd

Rittet var på 700 kilometer, fordelt på nesten hundre timar i ur og myr over Finnmarksvidda.

Då uhellet først var ute vart løysinga å smørje på nokre lag smertedempande krem, og dessutan ein kvil ved løypa.

– Eg lurte litt på korleis eg skulle komme i gang igjen. Når verknaden av kremen sette inn, gjekk det greitt å ta seg vidare. I ettertid har eg høyrt at det ikkje er lurt å smørje salva på opne sår, seier Helgesen.

Han og lagkamerat Geir Lien fullførte rittet, men etter målgang vart Helgesen dårlegare. Ein sjekk hos legevakta i Alta konstaterte alvorleg, infiserte sitjesår.

Han vart raskt flogen i ambulansefly til Hammerfest sjukehus for intravenøs antibiotika og etter kvart eit inngrep.

To ulike variantar av sitjesår

Stein Ørn er overlege på hjarteavdelinga ved sjukehuset i Stavanger, og har lang erfaring frå sykkelsporten. Ørn har mellom anna vore med som landslagslege i både OL og VM.

Han forklarer at uttrykket sitjesår blir brukt om ulike plager som kan oppstå «mellom beina» når ein sit på eit sykkelsete over lengre tid.

– Den vanlegaste forma er at feittkjertlane i skritte blir irriterte, hovnar opp og blir smertefulle. Dette kan gi ein betennelsesreaksjon i ettertid.

– Den andre typen er sår som kjem av at huda blir riven opp gradvis. Slike skadar kjem av at det blir skapt friksjon, anten mot saumar i sykkelbuksa eller setet, forklarer Ørn.

Stein Ørn

Ifølgje Stein Ørn finst også sitjesår hos toppsyklistar, men ofte utartar det seg ikkje like ille fordi eliteutøvarar er meir herda i huda. Og fordi dei ikkje sit like lenge på sykkelsetet.

Foto: Frida Ripland Moberg / NRK

– Bakteriane får god tid til å utvikle seg

Ørn ser for seg at dei som syklar ritt som Offroad Finnmark er ekstra utsette for både sitjesår og infeksjonar.

Sand og grus smyg seg inn under kleda og fungerer som sandpapir mot huda. I tillegg til at kroppen blir broten ned av fysisk slit og lite søvn, utgjer ei fuktig sykkelbukse full av skitt og grus ein oase for bakteriar.

– I tillegg til at du får mykje risting, syklar du kanskje gjennom område med bæsj frå dyr eller bakteriar i bakken, som blir piska opp og trekkjer inn i shortsen, seier han.

– Sit ein i det over tid, så får bakteriane gode forhold for å utvikle seg i huda. Når bakteriane har trekt inn i vevet, er det ofte for seint.

Les også Historisk etter sykkelbragd: – Det er stor idrett!

Tor Espen Jolma tar i mot champagne-sprøyten etter å ha vunnet Offroad Finnmark 700.

Han meiner ein kan gjere fleire tiltak for å unngå sitjesår:

– Det eine er at syklistar bør sørgje for å tilføre nok feitt og å skifte shorts ofte. Både for å unngå friksjon og for å unngå oppsamling av bakteriar. I tillegg er det viktig å få tilpassa setet slik at ein unngår friksjonsskadar.

– Til slutt er det essensielt at ein sit mykje på sykkelen slik at huda blir herda og toler meir.

Les også Slik så armene til Hilde ut etter sykkelrittet over vidda: – Et mygghelvete

Armene til Hilde Skaret etter Offroad Finnmark 150 km, 2020 - spist opp av mygg

Måtte bryte rittet

Det var ikkje berre Helgesen som vart sett ut av sitjesår under årets ritt. Ekteparet Thorbjørn og Gry Hauge Merkesdal (50) sykla òg.

Cirka halvvegs ut i rittet sa det stopp.

– Eg byrja verkeleg å kjenne at det var noko som ikkje stemde etter 27–28 timar. Naturen i Finnmark er vill, vakker og full av stein, noko som gir mykje humping og gnissing på setet, seier Gry Hauge Merkesdal.

Eit fem centimeter langt, smertefullt kjøttsår på kvart sete gjorde det umogleg å halde fram.

– Eg hadde ein plan om å byte sykkelshorts og smørje meg ofte, som av ulike årsaker ikkje vart følgd. Det fekk eg svi for, seier ho.

Gry Merkesdal på vidda.

Gry Hauge Merkesdal under rittet på Finnmarksvidda. Ho opplevde å få god hjelp frå rittleiinga då sitjesår var eit faktum. Ved neste sjekkpunkt låg alt av nødvendig førstehjelpsutstyr klart.

Foto: Thorbjørn Merkesdal

– Det var skikkeleg surt å bryte noko vi hadde investert så mykje i, men noko anna ville vore uforsvarleg.

– Vi har aldri nokre garantiar

Rittleiar Kjetil Johansen har aldri tidlegare opplevd at nokon har vorte så hardt ramma som det Rune Helgesen vart, verken som utøvar sjølv eller som arrangør. Han kan heller ikkje seie at sitjesår er ein utbreidd grunn til at ryttarar bryt.

Han tek til seg alle oppmodingar frå deltakarane som kan betre opplevinga av rittet.

– Det viktigaste er å unngå friksjon, ta i bruk antibakterielle kremar tilpassa behandling av underliv, og dessutan vere nøye på hygiene. Å få tiss i shortsen er til dømes svært uheldig med tanke på friksjon.

– I tillegg kan ein bruke noko som vi kallar for «ass savar», som er ein liten skjerm på setet som skal minske sprut av skit frå bakken, seier han.

Kjetil Johansen, daglig leder i Offroad Finnmark

Rittleiar og hobbysyklist Kjetil Johansen har aldri opplevd at nokon har vorte like hardt ramma av sitjesår som det Rune Helgesen vart.

Foto: Trond Odin Myhre Johansen / NRK

– Vi har mange ting vi kan tipse deltakarane våre om for å unngå slike hendingar, men vi har aldri nokon garantiar for at det ikkje skal skje, kunngjer Johansen.

Usikker på gjentaking

Før Rune Helgesen dristar seg tilbake på sykkelsetet, skal han bli frisk nok til å gå på jobb.

Sjølv om sykkelsesongen måtte avsluttast tidlegare enn planlagt, angrar han ikkje på at han vart med på Offroad Finnmarks lengste distanse.

– Sett bort frå sitjesåra var turen heilt topp. Då uhellet var ute fekk eg god hjelp og oppfølging både av rittleiinga og av helsepersonellet i Alta og Hammerfest.

– No skal eg ikkje provosere fram nokon vonde og har som mål å komme tilbake til vintersesongen og innesykling, seier Helgesen.

Les også Måtte fyre bål under sykkelritt for å holde varmen

Team KMC fra Nederland består av Ramses Bekkenk og Bram Rood