Hopp til innhold

Emma (21) låg livlaus på banen: – Vart heldige som hadde legar og sjukepleiarar i publikum

Etter at Emma vart slått medvitslaus i ein duell under ein fotballkamp i helga, skal fleire i den nordlegaste fotballkrinsen kunne meir om førstehjelp.

Hodeduell

Emma Nyfelt skal tilbake på bana etter ho segna om i helga.

Foto: Mathias Sommerseth Kjellmo / NRK

Det vart dramatisk under oppgjeret mellom Bjørnevatn IL og Mjølner i Bjørneparken, i Sør-Varanger, i helga.

Tre minutt inn i 2. divisjonskampen segna fotballspelar Emma Nyfelt om.

Ho hadde fått seg eit ordentleg smell i duell med ein motspelar, og vorte slått medvitslaus.

– Eg hugsar ikkje hendinga særleg godt, fortel Emma Nyfelt i ettertid.

Frå sidelinja ser trenar Eivind Blix berre at Nyfelt ramlar om og blir liggjande.

– Eg oppfattar ikkje alvorsgrada der og då, før eg ser at spelarar spring til ho. Dommaren kjem til og viftar etter hjelp. Då forstår vi etter kvart at ho er livlaus.

Dei skjønar det er alvor når dei andre spelarane legg Nyfelt på sida og publikum med helsebakgrunn kjem for å hjelpe til.

Trenaren fortel at lydane ho laga minnet om snorking, før ho slutta å puste.

Kampen vart stoppa, men vart starta igjen etter 25 minutt da dei fekk beskjed om at det gjekk bra med Nyfelt på sjukehuset.

Emma Sofie Nyfelt havnet på sykehus etter en duell under en fotballkamp. Alle tester var gode så hun ble skrevet ut dagen etter.

Emma Nyfelt segna om på fotballbana. Heldigvis gjekk det bra denne gongen, men no vil idrettslaget ha førstehjelp for alle.

Foto: privat

Ekkel oppleving

Spelande trener og kaptein Martine Hansen var ein av dei første som sprang bort til Nyfelt og la henne i stabilt sideleie.

Hjartestartaren vart plassert på henne, men det vart ikkje nødvendig med hjartekompresjonar.

– Mange av jentene syntest det var ei ekkel oppleving, seier kaptein Martine Hansen.

Martine Hansen

Spelande trener og kaptein, Martine Hansen, var fyrstemann bort til Nyfelt.

Foto: Kristin Humstad / NRK

Nyfelt vart henta av ambulanse og teken til sjukehuset. Der vart det teke fleire testar, og ho fekk positive svar på testane, og vart skrive ut eit døgn seinare.

No skal klubben tilby spelarane kurs i førstehjelp og hjartestartar etter den dramatiske hendinga.

Les også Når et ungt hjerte slutter å slå

Presentasjonsbilde Mikael og Vetle

Får skryt

Klubben får skryt hos Finnmark Fotballkrets for handteringa av situasjonen, både undervegs og i ettertid.

– At dei nå ønsker å sette fokus på førstehjelp og bruker den her situasjonen, som heldigvis trass alt enda bra, til læring og til å skape tryggleik i lokalsamfunnet. Det setter vi stor pris på, seier Roger Finjord.

Han er dagleg leiar i Finnmark Fotballkrets, og fortel at de også skal fokusere meir på førstehjelp framover.

– Vi skal nok bli enda flinkare å kunne sette opp kurs og kunne bidra med instruktørar.

Bjørnevatn IL sitt damelag i fotball.

No skal alle på Bjørnevatns damelag lære seg å gi livreddande førstehjelp.

Foto: Finnmark Fotballkrets

I tillegg vil dei sende ut litt ekstra informasjon til klubbene i Finnmark, som ein læring frå Bjørnevatn. Dei sit på ein kunnskap som gjer dei enda tryggare både i trening og kampsituasjon.

– Vi ønsker å utvikle oss hele tida, også innanfor det her.

Les også Hans Olav (33) fikk hjertestans på banen

Hans Olav Hagaseth Sæteren i idrettshallen

– Førstehjelp er undervurdert

Blix legg til at dei var heldige som hadde legar og sjukepleiarar i publikum. Om dette hadde skjedd på trening, så ville ikkje helsepersonell vore til stades.

– Det var ei heilt forferdeleg oppleving. Det er jo sånn at ein tenkjer at dette er noko ein aldri vil oppleve. Ein blir litt i sjokk, ein blir redd, og ein ser på reaksjonane på folk at det er alvor. Men så kan det jo skje, så ein må jo berre sørgje for at ein er best mogleg førebudd på å handtere det på ein god måte.

trener Eivind Blix

Trenar Eivind Blix vil tilby spelarane kurs i førstehjelp og hjartestartar etter den dramatiske hendinga

Foto: Kristin Humstad / NRK

Nyfelt drog rett frå sjukehuset tilbake til tannlegestudiet i Tromsø. Fotballspelaren er klar for nye kampar, men er bede av trenarane om å slappe av og stå over den første kampen.

Ho er glad for at det nå blir sat ekstra fokus på førstehjelp.

– Det er undervurdert. Det er noko som alle burde eigentleg ha grunnleggjande kunnskap i. Det har eg sjølv erfart at er veldig viktig.

Les også Ingen vet hvor mange hjertestartere det finnes

En hjertestarter henger på veggen i flerbrukshallen i Torpa