Hopp til innhold

Denne appen skal hjelpa unge å handtere vanskelege kjensler

Prosjektleiaren håper å gjere psykisk helsehjelp meir tilgjengeleg for unge ved å gjere den digital.

Appen Opp! skal hjelpe unge med sin mentale helse.

Appen skal gje informasjon om psykisk helse, og øvingar ein kan bruke når ein kjenner på vanskelege kjensler.

Foto: Mathias Sommerseth Kjellmo / NRK

Knyter det seg i magen når du må halde presentasjon framfor klassen? Eller kvir du deg til å gå bort til gjengen som står og pratar i skulegarden?

Når ein er i situasjonar som er utfordrandes psykisk, vil UiT – Noregs arktiske universitet at du skal ta opp mobilen, og opne deira nye app Opp!

Den kan gje forslag til korleis du skal meistre situasjonen.

Appen skal gi kunnskap om mental helse, og øvingar som kan hjelpe når ein kjennar på ei psykisk utfordring. Mellom anna har dei laga fleire ulike scenario frå døme som ungdom sjølv har gitt, og forslag til korleis ein kan handtera dei.

– Appen er todelt. Ein del gir informasjon, og den andre gir øvingar og tips på korleis du kan handtere dei vanskelege kjenslene, seier førsteamanuensis ved UiT og prosjektleiar for appen, Henriette Kyrrestad.

Appen skal lanserast til hausten.

sitter Kristian Daljord og Asen Nechev i gangen på UiT. De har vært med å utvikle appen Opp!

Kristian Daljord og Asen Nechev har vore med og testa appen. Dei har også komme med innspel på korleis appen bør væra.

Foto: Mathias Sommerseth Kjellmo / NRK

Skal nå unge der dei er

– Vi må prøve å nå ungdommane der dei er, og dei er på skjerm. Då bør hjelp retta mot dei også vere lett tilgjengeleg på skjerm, seier Kyrrestad.

Kristian Daljord og Asen Nechev er begge med i Tromsø ungdomsråd, og har testa appen i fleire månader. Dei er samde i at det er ein god ide å leggje hjelpa der dei unge er.

– Vi ser ein mangel på tilbod der ungdom faktisk bruker tida si, seier Nechev.

Mental Helse App

Asen Nechev i ungdomsrådet.

Foto: Mathias Sommerseth Kjellmo / NRK

Han trur appen kan formidle informasjon og hjelp på ei plattform mange allereie er vand til.

– Vi har vore med på å gi innspel på korleis appen kan utviklast og korleis han kan nå ut til unge, seier Daljord.

Både han og Nechev synest det er viktig at dei som skal bruke appen har fått vere med å lage han.

– Dette skal vere ein app for alle ungdommar, anten ein kjenner seg trist, redd, sint, eller til og med glad. Appen skal hjelpe deg med å utforske kjenslene dine, og hjelpe deg å finne ut korleis du eigentleg kjenner deg og kva du kan gjere med det, seier Nechev.

Henriette Kyrrestad i gangen på UiT. Hun er prosjektleder for appen Opp!

Henriette Kyrrestad er førsteamanuensis ved UiT og prosjektleiar for appen.

Foto: Mathias Sommerseth Kjellmo / NRK

Les også Sa ho var einsam i sosiale medier - no får ho meldingar frå unge utan venner

Jenny Gehrken

Lett tilgjengeleg hjelp

– Å ha hjelpa lett tilgjengeleg i lomma når ein treng det kan vere veldig nyttig for mange, seier Kyrrestad.

Kvar femte ungdom melder om dårleg psykisk helse i løpet av eitt år, 1 av 10 kjenne på sjølvmordstankar og ein tredel av ungdommane har bekymringar knytt til psykisk helse, ifølgje Mental Helses siste rapport.

Appen skal vere eit middel ein kan bruke når ein kjenner på vanskelege kjensler.

– Då ligg det ein del øvingar i appen som gjer at ein kan meistre situasjonen ein står i, forklarer Kyrrestad.

I tillegg har appen videoar som gir guide til puste- og avspenningsøvingar.

– Appen gir også informasjon så dei som treng det kan innsjå at dei kanskje treng litt meir hjelp enn appen, og då er det lenkja til andre hjelpeinstansar relaterte til det dei slit med, forklarer prosjektleiaren.

Les også Marius var nær ved å bli en del av den dystre selvmordsstatistikken

Selvmord Valdres

Les også Lavrans (19) skulle bare male bort angsten – nå har han solgt ut sin første soloutstilling

Lavrans Borgen, kunster