Hopp til innhold

Sa ho var einsam i sosiale medier - no får ho meldingar frå unge utan venner

Podkastprofilen Jenny Gehrken (21) fekk mykje merksemd då ho valde å vere ærleg om eiga einsemd. No viser ei fersk undersøking at mange unge kjenner seg åleine.

Jenny Gehrken

OPEN OM EINSEMD: Jenny Gehrken er programleiar for podkasten «Pusterommet».

Foto: Joakim Riise

– Det er kjempetrist, seier ho til NRK.

Gehrken er programleiar for sin eigen podkast «Pusterommet». Der har ho mellom anna teke opp tema som einsemd og sjølvkjensle.

Ho delte også ein post om eiga einsemd på sosiale medium i fjor. Ærlegdommen vart sett pris på, og tilbakemeldingane kom frå både jenter og gutar.

No viser ein rapport frå Mental Helse at urovekkjande mange unge kjenner det same. Dei er einsame.

  • Kvar femte ungdom mellom 12 og 20 år seier dei har få eller ingen venner.
  • Nesten éin av tre er bekymra for eiga psykisk helse.
  • Tre av ti opplever mobbing i ein aller anna form.

Tala viser omtrent den same utviklinga som andre undersøkingar dei siste åra. Unge har vorte meir stressa, engstelege og deprimerte.

Spesielt jentene seier dei slit psykisk og mange opplever symptom på depresjon.

Gehrken fortel at ho får mange av dei same tilbakemeldingane.

Det er veldig mange, i alle fall i 13-15-årsalderen som sender meg meldingar og seier at dei kjenner på veldig mykje press når det gjeld skule, fortel Gehrken.

– Dei har anten venninner som er slemme mot dei, eller så har dei ikkje venner.

Jenny Gehrken kan til tider kjenne på ensomhet, selv om hun bor med venninner i kollektiv.

EINSEMD: Gehrken delte ein post om eiga einsemd på sosiale medium i fjor.

Foto: Live Wold

– Kjenner seg dårlegare enn andre

Dette er tilbakemeldingar som Jenny Gehrken kjenner seg igjen i. Som tenåring sleit ho med karakterane på skulen og kjende seg dummare enn dei andre.

Løysinga for henne vart å finne noko som kunne gi henne meistringskjensle utanfor skulen.

Etter kvart har 21-åringen vorte ein populær profil og sjølvstendig næringsdrivande.

Og ho får svært mange meldingar frå unge lyttarar når ho tek opp tema som handlar om psykisk helse - anten det er i podkasten eller på sosiale medium.

– Dei seier at dei ikkje føler at dei har nokon plan, og dei kjenner seg dårlegare enn alle andre. Mange føler at «dei andre» kan alt medan dei sjølv ikkje kan noko, seier ho.

Annja Edyta Johansen med studenthybelen Blindern studenthus i bakgrunnen.

PRØVER Å HJELPE: Annja Edyta Johansen prøver å hjelpe andre studentar.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Studentar kjenner seg utanfor

På Blindern i Oslo prøver student Annja Edyta Johansen å hjelpe andre studentar.

For også stadig fleire eldre unge slit psykisk.

Det har ho merka i talet på førespurnader til studentforeininga Student Support, der dei tilbyr alt frå fortrulege samtalar eller å vere med på sosiale arrangement.

Studentane si eiga helse- og trivselsundersøking, som blir gjennomført i samarbeid med Folkehelseinstituttet, stadfestar inntrykket. Stadig fleire av studentane slit.

– Grunnen til at dei tek kontakt er ofte at dei ikkje har venner eller kjenner seg utanfor. Dei manglar nokon å snakke med, fortel Johansen.

– Mange unge har ikkje råd til å vere med på arrangement som andre venner er med på. Inflasjon og auka straumprisar skaper auka stress for studentar med dårleg råd, legg ho til.

Tove Gundersen, generalsekretær i Rådet for psykisk helse

BEKYMRA: Generalsekretær i Rådet for psykisk helse, Tove Gundersen.

Foto: Patrick da Silva Saether

Kjenner seg drege i alle retningar

Dei fleste barn og unge i Noreg har det heldigvis godt. Men fleire unge er altså einsame og mange opplever å ha fått symptom på depresjon.

Det er umogleg å peike på éin grunn til dette, seier generalsekretær i Rådet for psykisk helse, Tove Gundersen.

– Det dei seier sjølv er at dei kjenner seg drege i alle retningar. Dei søv ikkje nok, dei føler at dei ikkje innfrir, anten om det er studiar eller jobb. Veldig mange opplever eit sosialt press, at dei heile tida skal vere ja-menneske og skal stille opp og vere flinke.

Arv og miljø er viktig, men her handlar det også om det som handlar i samfunnet, påpeikar ho.

Det kan vere etterverknader etter pandemien, krigsfrykt i samband med Ukraina-krigen, for mykje tid på sosiale medium og usikker økonomi.

– Det vi får med oss i sum er at unge er meir urolege, engstelege og stressa, fortel ho.

Jenny Gehrken

PRESS: Jenny Gehrken fortel at mange unge fortel til henne at dei kjenner på press i skulen.

Foto: Joakim Riise

– Sjå dei og lytt til dei

Ho er bekymra for utviklinga.

– Vi ser at vi har eit samfunn som faktisk ikkje er i stand til å vareta ungane og ungdommane våre godt nok.

– Omfanget har vorte for stort, seier Gundersen.

Jenny Gehrken har ingen ekspert-løysingar på utfordringane. Men ho har eiga erfaring, og ho har unge lyttarar og følgjarar som deler erfaringane sine med henne.

Og ho gir råd om ho blir beden om det.

Ho meiner noko av det viktigaste av alt er å verkeleg sjå dei unge og anerkjenne dei for det dei faktisk kan.

– Sjå dei og lytt til dei. Vis at dei er sett. Barn treng ofte berre eit lite pusterom der dei kan snakke om det dei kjenner, oppmodar ho.

Hei!

Hei, håper du likte saken. Har du tips til denne saken eller andre saker du mener jeg bør skrive om, ta kontakt!

AKTUELT NÅ