Hopp til innhold

Born i Finnmark kan risikere å ende opp på sjukehus i Bodø grunna plassmangel

Dei vart åtvara fleire gonger, men Finnmarkssykehuset valde likevel å bygge sjukehus til 2,6 milliardar kroner for trongt. No har dei innsett tabben.

Finnmarkssykehuset Hammerfest

Det nye sjukehuset i Hammerfest har berre plass til fem born. På gamle sjukehuset var det åtte plassar.

Foto: Allan Klo / NRK

På barneavdelinga på nye Hammerfest sjukehus blir det kutta frå åtte til fem senger. Konsekvensane kan bli store om for mange born i Finnmark blir sjuke samtidig, for dette er regionens einaste barneavdeling.

– Er det fullt belegg på barneavdelinga må pasientar sendast til andre sjukehus.

Det seier overlege på barneavdelinga, Svenne Naumann.

Sjuke born kan dermed risikere å måtte reise frå Vardø i Øst-Finnmark til barneavdelinga på sjukehuset i Bodø.

Kortaste veg i bil er på over 1300 kilometer. Og då går reisa via både Finland og Sverige. Køyretida er ifølge Google Maps berekna til over 17 timar.

Ein kan risikere å ende opp på Universitetssjukehuset i Tromsø (UNN) eller Nordlandssjukehuset i Bodø om barneavdelinga i Hammerfest er full.

Naumann og hennar kollegaer på barneavdelinga er frustrerte over situasjonen.

– Vi opplever det som veldig kritisk. Vi som tilsette vart sjokkerte då vi fekk vite det. Vi kunne ikkje tru at leiinga skulle kutte det einaste tilbodet til born i fylket.

Svenne Naumann Overlege barneavdeling Hammerfest

Overlege på barneavdelinga, Svenne Naumann, er frustrert over situasjonen dei no er i.

Foto: Sunniva Hadland Bøthun / NRK

Les også Må spare over 300.000 hver dag – ønsketenkning, mener tillitsvalgte

Har åtvara mot dette i lang tid

At det nye sjukehuset i Hammerfest blir for lite har dei tilsette åtvara om fleire gonger. Og lenge før første spade vart sette i jorda.

Dette er tidlegare omtalt i NRK og fleire andre medium dei siste åra.

– Då dei skulle byggje eit nytt sjukehus fann dei ut at det ikkje var nok pengar til å teikne det like stort som dei opphavleg hadde teikna det.

Det seier leiar i Finnmark legeforeining, Paul Olav Røsbø.

Paul Olav Røsbø

Leiar i Finnmark legeforeining, Paul Olav Røsbø, har prøvd å seie ifrå fleire gonger om at barneavdelinga blir for liten utan hell.

Foto: Hanne Bernhardsen Nordvåg / NRK

– Då byrja dei å sjå på kva ein kunne kutte ned på, og det gjekk hardast utover barneavdelinga. Det handlar om tryggleiken. Ein skal kjenne seg trygg om ein har born i Finnmark.

Totalt blir det kutta 24 plassar på det nye sjukehuset.

Ifølge Røsbø har det vore sendt bekymringsmeldingar frå avdelingsleiarar, frå styret og frå årsmøtet i Finnmark legeforeining.

Hammerfest kommune disponerer to rom tilstøytande barneavdelinga på det nye sjukehuset.

– Finnmarkssykehuset har foreslått å leige romma ved behov. Men det synest ikkje vi er ein god ide. Du kan ikkje lempe ut ein gammal og sjuk hammerfesting på ei kommunal seng for å få inn eit born. Då må ein langtidsleige eller kjøpe plassen, seier han.

Røsbø fortel at det verkar som Finnmarkssykehuset ikkje har vore interessert i å gå i dialog med dei om at talgrunnlaget er feil.

Les også Kutt kan føre til at akuttpasienter må fraktes 800 kilometer: – En stor risiko

LIVREDDANDE: Raskt tilgang til respirator kan skille mellom liv og død for svært sjuke eller hardt skadde pasientar.

Ikkje gløymt

– Vi forstår skepsisen. Og at det dregst parallellar til andre sjukehusbygg som er bygd i Noreg den siste tida.

Det seier Jørgen Nilsen, klinikkleiar på Hammerfest sjukehus.

Jørgen Nilsen

Jørgen Nilsen, klinikkleiar ved Hammerfest sjukehus, fortel at alle innspela dei har fått har vore drøfta.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

Ifølgje han vart det gjort ei vurdering i forprosjektet over kor stor kapasitet ein hadde behov for på nye Hammerfest sjukehus.

– Alle innspela har vore drøfta og tekne med i prosessen. Det er gjort vurderingar av alle innspela.

Han seier at talgrunnlaget ikkje vart gløymt, men at det truleg ikkje er teke omsyn til alle faktorane.

– Vi har tenkt over konsekvensane. Og vi prøver no å komme med mildnande tiltak for å få plass til dei pasientane som kjem inn på Hammerfest sjukehus.

Sjukehuset sender allereie pasientar frå alle avdelingar til Tromsø og Bodø. Særleg viss det er uvêr eller dei ikkje har kapasitet.

– Eg forstår at dei tilsette er frustrerte. Dei fysiske rammene i bygget er sette, men vi skal jobbe ut frå det, avsluttar Nilsen.

Les også Nær 1000 feil på nytt sykehus: – En varslet katastrofe

Kirkenes sykehus

Flere nyheter fra Troms og Finnmark