Hopp til innhold

Mobilbruk i bil aukar i Finnmark – elevar fortel om skumle opplevingar

Dobbelt så mange vart tatt for mobilbruk bak rattet i Finnmark i fjor, enn året før. Elevane ved Hammerfest vidaregåande skule seier det er skummelt.

Camilla Næss og Anita Holmgren
Hammerfest vgs

Camilla Næss (19) og Anita Holmgren (17) fortel at de har opplevd ting som førar, og passasjer.

Foto: Sunniva Hadland Bøthun / NRK

Fleire av jentene på Hammerfest vidaregåande skule har hatt ubehagelege opplevingar med sjåførar som har brukt mobil.

– Ein mistar jo blikket på vegen og blir distrahert, seier Camilla Næss (19).

Ho har sjølv krasja med ein bil som kom over i køyrefeltet hennar.

– Eg veit ikkje om det var telefon involvert. Eg fekk skadar på bilen, men det gjekk bra med meg. Det var glatt, men kan vere at personen var litt distrahert, seier ho.

Jentene fortel at dei meiner dei første åra etter ein har fått førarkortet skjer mobilbruk meir enn når ein har køyrt ei stund.

Tala frå Ung i trafikken viser at politiet i Finnmark nesten har teke dobbelt så mange med mobilen bak rattet i fjor, som året før. Med 333 forenkla førelegg i fjor, mot 174 i 2021.

Det er ein kraftig auke, sjølv om trenden i resten av landet viser ein nedgang.

Jentene trur det er mange småting som ein ikkje tenkjar er så farleg, som å sjekke Snapchat, meldingar og byte musikk.

Dei rundt bordet er ikkje redd for å seie frå. Fleire av dei har vorte bedne om å ta rattet medan andre køyrar fordi føraren av bilen skal gjere noko på mobilen.

Les også Trygg Trafikk: Vil ha forbod mot å trykke på berøringsskjerm i fart

Touchskjerm i bil

Berre toppen av isfjellet

UP-sjef Geir H. Martinsen i Troms og Finnmark seier at UP jobbar spesielt med fart, rus og det som går på aktløyse.

– Dette med mobiltelefon er noko av det vi sjekkar i den daglege kontrollaktiviteten. Når ein ser ei dobling frå 2021 til 2022 så kan det vere at det har vore fleire kontrolltimar på vegane i fjor, enn året før, seier han.

Distriktsleder i Utrykningspolitiet Nord-Norge, Geir Harald Marthinsen.

– Då prikka kom hadde vi håpa at det skulle bidra til at folk skjerpa seg litt, men vi ser at vi framleis stoppar nokon med telefonen og får sine siste prikkar slik at dei køyrer frå seg førarkortet, seier UP-sjef i Troms og Finnmark, Geir Martinsen.

Foto: Pressefoto

Martinsen seier det har vore fleire kontrollar retta mot åtferd og aktløyse.

– Det kan vere så lett som det. Ser ein isolert på det så er 333 knapt alle dagar i løpet av eit år. Det er nok berre toppen av isfjellet. Det er langt, langt fleire som bruker mobilen i det daglege som ikkje blir avslørt.

Martinsen meiner at det er ein naturleg auke sidan så mange bruker mobilen.

– Den køyreturen du eller eg skal ha kan endre både mitt og ditt liv viss vi ikkje handterer dette på ein god måte. Det gjer ein ikkje når ein kikkar på skjermen.

Mobilbruk i bil

Bota for å bruke mobilen er no på 7450 kroner og tre prikkar på førarkortet.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Martinsen trekkjer fram at dei skal halde fram med slike kontrollar, på same måte som dei har kontrollar ved rus eller fart.

– Vi ser at vi bøtelegg frå 18 til 80. Det er eit stort spenn. Generelt er også menn overrepresentert, men dei er kanskje også overrepresentert bak rattet.

Ifølgje UP vart det i fjor skrive ut 11.005 forenkla førelegg for ulovleg mobilbruk bak rattet på landsbasis.

Dette er ein nedgang frå 13.624 forenkla førelegg i 2021.

Nedgangen er derfor på 19,2 prosent frå 2021 til 2022.

Skummelt

– Det er berre bra at bota aukar. I teorien skal det minske mobilbruken, men viss det har auka er det skummelt, seier Elias Holmgren (17).

Bota er nemleg no på 7450 kroner og tre prikkar på førarkortet. Ein får dobbelt så mange prikkar om ein er i prøvetid.

F.v Amund Frønning, Steinar Lyngmo Reinholdsen, Chris Martin Tornvik-Pedersen, Emil-André Hatlem, Elias Holmgren og Oliver Stetten.

Gutegjengen har fleire opplevingar med mobilbruk bak rattet. Frå venstre Amund Frønning, Steinar Lyngmo Reinholdsen, Chris Martin Tornvik-Pedersen, Emil-André Hatlem, Elias Holmgren og Oliver Stetten.

Foto: Sunniva Hadland Bøthun / NRK

– Eg har vore i ein situasjon der eg var redd då eg sat på med nokon. Han sat på mobilen og vi var i motsett køyrefelt. Det var ti meter frå vi trefte ein annan bil. Då sa eg frå. Det hjelpte litt, ikkje så veldig, seier Amund Frønning (17).

Gutegjengen et lunsj på Hammerfest vidaregåande skule. Sidan dei fleste av dei er under 18 har dei berre lærekøyrd, men dei har erfaringar frå å vere passasjer.

Nokre av gutane har opplevd det litt for mange gonger når dei sit på med nokon, men er ikkje redd for at det skal skje noko.

Guttegjeng på Hammerfest vgs om mobilbruk bak rattet
Fv. Amund Frønning, Steinar Lyngmo Reinholdsen,

Amund Frønning (17) har ikkje lappen enno, men lærekøyrer. Ved sidan av han er Steinar Lyngmo Reinholdsen (17).

Foto: Sunniva Hadland Bøthun / NRK

Dei trur det blir meir mobilbruk på den yngre generasjonen framover.

– Det er skummelt å møte på andre i trafikken som køyrer i motgåande køyrefelt og mistar fokus, seier Holmgren.

Les også Har norske bilister blitt mer sløve?

En rød og en blå lekebil kolliderer med hverandre.

Vanskeleg

– Vi veit at mange har vanskeleg for å la mobilen liggje når dei set seg i bilen, og vi veit at potensielt veldig mange ulykker kjem av aktløyse, seier prosjekt- og kampanjeansvarleg i Ung i trafikken, Liv Marie Bendheim.

Prosjekt- og kampanjeansvarlig i Ung i trafikken, Liv Marie Bendheim.

Prosjekt- og kampanjeansvarleg i Ung i trafikken, Liv Marie Bendheim, er glad for at det er ein nedgang i mobilbruk nasjonalt.

Foto: Privat

Bendheim trekkjer fram at i trafikken kan mykje skje på få meter, og få sekunds aktløyse kan derfor gi fatale konsekvensar.

– I det nye året burde det no vere i alles interesse å prioritere vekk mobilen, eller bruke ein fastmontert haldar. Dette er begge enkle tiltak alle kan bidra med for å gjere norske vegar litt tryggare.

Les også Isabella ble lam og mannen døde – sjåfør dømt til seks måneder

Isabella Johannessen i beige ullgenser utenfor stallen hvor hun har travhester.