Hopp til innhold

Trygg Trafikk: Vil ha forbod mot å trykke på berøringsskjerm i fart

Trygg Trafikk vil ha forbod mot all skjermbruk i bil som ikkje kan styrast via rattet. Det er rekordmange dødsulykker i trafikken denne sommaren.

Til saman er 63 menneske drepne så langt i år i trafikken. Det er dobbelt så mange som til same tid i fjor.

Vegstyremaktene er bekymra for at mange er ukonsentrerte under køyring og innfører no krisetiltak som justering av fartsgrensa fleire stadar.

Men Trygg Trafikk ønsker å gå lenger, og vil innføre forbod mot å bruke berøringsskjermar når bilen er i fart.

Knut Olav Røssland Nestås, regionleiar for Trygg Trafikk Vestland, meiner at ei løysing bør ligge i talestyring.

– Kvifor kan ikkje bilen i større grad brukast på same måte som ein del andre duppedingsar med talekommando, spør han.

Organisasjonen er no også med på eit forskingsprosjekt for å finne ut korleis sjåførar fordeler merksemda si når dei køyrer bil. Det skal gje ny kunnskap om skjermbruk i bil.

Vil ha forbod mot bruk

Skjermar i ein del moderne bilar kan tilby ein rekke funksjonar, som til dømes å sjå på video eller synge karaoke.

Touchskjerm i bil

LOVLEG: Det er ikkje eigne lover mot å bruke slike berøringsskjermar når ein køyrer bil.

Foto: Nikolai Akse Helgås / NRK

Der bruk av mobiltelefon i bilen har vore regulert under eigne lover i over 20 år, er det enda ikkje sett i verk lover retta mot å bruke skjermen i bilen under køyring.

Trygg Trafikk har i sitt dokument «Trygg Trafikk mener» påpeikt at det bør kome eit forbod mot all trykking som ikkje kan betenast gjennom eit multifunksjonsratt.

Test av talekontroll

TALESTYRING: Bruk av talestyring er innført i fleire moderne bilar.

Foto: Nikolai Akse Helgås / NRK

Distraksjon

I ein av tre dødsulukker i trafikken er manglande merksemd ein medverkande faktor, viser tal frå Statens vegvesen. Berre i mai og juni i år har 37 personar mist livet i trafikken.

Avdelingsleiar for trafikktryggleik, Guro Ranes, seier det ikkje er fritt fram å sjå på video eller karaoke når ein køyrer.

– Det er framleis ulovleg å bruke tid på dette under generelle trafikkreglar. Du skal følge med på vegen, påpeiker ho.

Ho legg til at sjølv om det ikkje er forbod mot å trykke på store skjermar i bilen, så bør det vere naturleg for dei fleste sjåførar at ein ikkje skal rette for mykje merksemd mot dei.

Sjølve skjermane er truleg komne for å bli, då alle bilar selde i Noreg er underlagt EU sine reglar for å bli typegodkjent. Difor kan ikkje Noreg setje avgrensingar på korleis desse skjermane fungerer, men berre korleis dei blir brukte.

Ranes skjønar at enkelte reagerer på ulikt regelverk når det gjeld mobilbruk og anna skjermbruk.

Dette er lov. Når mobiltelefon er plassert i mobilhaldar, kan ein berre taste inn telefonnummer, starte eller avslutte samtalar.

DETTE ER LOV: Når mobiltelefon er plassert i mobilhaldar, kan ein taste inn telefonnummer, starte eller avslutte samtalar.

Foto: Nikolai Akse Helgås / NRK

Ho utelukkar ikkje det kan kome eigne lover retta mot dei nye skjermane på eit seinare tidspunkt.

– Vi valde å regulere mobilbruk fordi vi såg eit behov for å vere spesifikke, men prinsippet er jo det same med all skjermbruk.

Guro Ranes, leder for trafikksikkerhet i Statens vegvesen.

LEIAR FOR TRAFIKKTRYGGLEIK: Store skjermar kan ta merksemda vekk frå å køyre bil, seier Guro Ranes i Statens vegvesen.

Foto: Knut Opeide / Statens vegvesen

NAF kritiske

Medlemsorganisasjonen for bileigarar, NAF, er kritisk til eit forbod i Noreg mot å trykke på berøringsskjermar.

– Eit særnorsk forbod kan vi ikkje støtte. Det er vanskeleg å sjå rekkevidda av, og vil kunne skape mange ufrivillige lovbrytarar, seier pressesjef Ingunn Handagard.

Ho viser til at mange bilprodusentar flyttar stadig fleire funksjonar til skjermane og at det kan kome situasjonar der bilisten må betene skjermane undervegs.

NAF sitt klare råd til bilistane er å stille inn funksjonane før køyreturen, og å køyre til sida dersom det er behov for å stille inn navigasjon eller liknande.

Bilprodusenten Tesla, som er bilselskapet med flest selde bilar hittil i 2022, skriv på nettsidene sine at bruk av underhaldningsfunksjonar er ulovleg under køyring.

Karaokefunksjonen er derimot lov, skriv dei, så lenge bilførar ikkje følger med på teksten.