Hopp til innhold

– Regjeringa må ta Russland på alvor

Det er nødvendig nå å stilla seg meir konstruktivt til det Russland oppfattar som truslar, seier russlandsforskar Lars Rowe ved Fridtjov Nansens institutt.

Erna Solberg og Jonas Gahr Støre i frokostmøte

Russlandsforskar Lars Rowe meiner regjeringa har uttalt seg uklokt og lite konstruktivt.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Forskaren meiner statsminister Solberg si utsegn om at alt som kjem frå den russiske ambassaden er propaganda, er uklokt og ikkje tener nokon hensikt.

Den russiske ambassadøren til Norge, Teimuraz Otarovitsj Ramisjvili, går hardt ut i eit intervju med nettavisa High North News, og truer med at Norges grenser kan vere trua om Norge går inn i USAs rakettskjold.

– Må ta dette på alvor

– Det er tydelegvis viktigare for Russland nå å markere motvilje mot manglande norsk interesse for å kommunisere, meiner Rowe.

Lars Rowe

Lars Rowe meiner det er det fullt mogleg å balansera mellom ulike omsyn, og slett ikkje avvisa det som kjem frå den russiske ambassaden som berre propaganda

Foto: Bjørnbakk,Jan-Morten / NTB scanpix

Han understrekar at innhaldet i kritikken er gammalt nytt, og at det er måten det blir framført på som er ny.

– For meg er forma meir interessant enn innhaldet, i den betydning at det er forma som er ny. Og sidan det kjem i den forma det gjer nå, så er det all grunn for norske styresmakter til å ta dette på alvor, seier han.

Invitasjon til dialog

– I mine auge så har nok retorikken vore i overkant kraftig. Særleg nå etter dette brevet med Solberg sine utsegner, om propaganda og så vidare, seier han, og beskriv det heile som «ikkje særleg klokt».

Rowe meiner Norge kan ha eit greitt forhold til Russland, sjølv om regjeringa støttar opp om EU og USA sine sanksjonslinjer.

Han ser på ambassadøren sine utspel som ein invitasjon til dialog. Og det blir det når Børge Brende reiser til det arktiske toppmøtet i den russiske byen Arkhangelsk i slutten av mars.

– Eg ser ikkje nokon grunn for at norske styresmakter skal vera anna enn imøtekomande, samstundes som Noreg må stå fast på sine forpliktingar til den samarbeidskonstellasjonen som er viktigast for Norge, nemleg det vestlege sikringssamarbeidet, seier han.

Trur på dialog

Utanriksdepartementet ønskjer ikkje å kommentere denne saka, men skriv i ein e-post til NRK at «norske synspunkt på dei tema som blir tatt opp i intervjuet med den russiske ambassadøren er velkjente på russisk side».

Lars Georg Fordal byline

Leiaren av Barentssekretariatet meiner meir dialog vil førebyggja framtidige konfliktar.

Leiaren av Barentssekretariatet i Kirkenes, Lars Georg Fordal, seier utsegnene frå den russiske ambassaden er sterke, men at både Norge og Russland har interesse av å vidareføre eit godt samarbeid i Arktis.

– Russland har formannskap i det internasjonale barentssamarbeidet for eksempel, og dei deltek jo aktivt og konstruktivt på ei rekke samarbeidsområde. Eg trur absolutt at meir dialog vil førebyggja framtidige konfliktar, og eg trur det er veldig positivt at Brende skal møta Lavrov i Arkhangelsk, og at dei kanskje blir einige om å ha meir kontakt.