Hopp til innhold

– Drikk du ikkje, blir du ikkje invitert

I dagens samfunn kan ein finne ut at ein ikkje er inkludert via sosiale medium. Det er eit vindauge ein ikkje hadde for nokre år sidan.

Sigrid Kvam Jørstad og Elias Holmgren
Utestenging
Bootleg ungdomsklubb
Hammerfest

Sigrid Kvam Jørstad og Elias Holmgren synast det er kjipt at det finnast ein normal boks alle skal passe inn i.

Foto: Sunniva Hadland Bøthun / NRK

Sigrid Kvam Jørstad (17) og Elias Holmgren (17) seier at dei fleste har oppdaga at nokon er saman utan dei på sosiale medium.

Sigrid har sjølv opplevd det ein gong.

– Det er ei kjip kjensle.

Sigrid fortsett:

– Det blir mykje meir synleg med sosiale medium. Det kan liggje så mykje bak det at nokon ikkje inviterer deg. Nokre gonger er det fordi dei ikkje vil ha deg der eller nokre gonger har dei ikkje tenkt på deg. Det skader aldri å spørje.

Ho fortel at ein kan tenkje at det ikkje er naturleg at ein blir spurt, men at ein gjerne skulle vore der.

– Det kan til dømes vere drikkepress og bli utestengt frå festar. Drikk du ikkje, blir du ikkje invitert på fest, seier Elias.

Les også Sa ho var einsam i sosiale medier - no får ho meldingar frå unge utan venner

Jenny Gehrken

– Ei enorm uvisse

Sigrid seier at når ein ser det i sosiale medium så kan det verke som dei ikkje ønskjer å fortelje det til deg at dei er saman.

– Er det ein grunn til at dei ikkje sa noko? Har eg sagt noko feil? Det er det mange som tenkjer på og det kan føre til ei enorm uvisse, seier Sigrid.

App-ikoner

Dei kan no sjå i sosiale medium at dei ikkje er inkludert i venegjengen eller klassa.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Elias legg til:

– Du føler at du fell meir og meir utanfor den sosiale boksen.

Sigrid trekk fram at alle opplev å bli utestengd ein gong i livet, men nokre er dessverre utsett for det meir enn andre.

– Nokon kan ha ei enkelt hending, medan nokon har det meir jamleg, seier Sigrid.

– Kjempeurovekkjande

Linda Berg-Heggelund, generalsekretær i Mental helse, fortel at det som er ulikt frå tidlegare er at ein høve til å følgje med på kva klassekameratar gjer i sosiale medium.

– No har ein eit vindauge inn i kva ein ikkje er inkludert i som ein kanskje før ikkje hadde, seier ho.

Linda Berg-Heggelund, generalsekretær, Mental Helse.

Linda Berg-Heggelund, generalsekretær i Mental Helse seier at no kan ein følgje heile det sosiale fellesskapet utan å vere ein del av det. Tidlegare kunne ein få vite om ein fest eller ein bursdag i etterkant.

Foto: Magnus Kristiansen

I ei undersøking Mental helse har gjort viser det seg at ein av fem har få eller lite vener og at ein av fem gruer seg til å gå på skulen. Berg-Heggelund fortel at ein av ti ikkje har nokon å vere saman med i friminutta.

– Det synest vi er kjempeurovekkjande. Det å ha venner og vere ein del av eit fellesskap har veldig mykje å seie for den psykiske helsa til unge.

Det å ikkje ha nokon å vere saman med er alvorleg, meiner Berg-Heggelund.

– Det bidreg til einsemd, utanforskap og at ein gruer seg til å gå på skulen. Det kan også bidra til angst- og depresjonssymptom. Vi ser at utanforskap heng tett saman med oppleving av psykisk vanhelse og det å ikkje vere ein del av eit fellesskap.

Les også Ungdommene er redde for å bli «cancelled»

Fire ungdommer om ytringsfrihet Ole Vig vgs.
Fra venstre: Ayaan Saleban Ismail, Anna Ryan Ekren, Ann Helen Høybakken og Anna Aunet.

Skjulte plattformer

Berg-Heggelund fortel at tre av ti oppgir at dei er utsette for mobbing, krenkingar og baksnakking.

– Mykje går no føre seg på skjulte plattformer vi vaksne ikkje har tilgang til. Vi vaksne har eit ekstra ansvar å vere interesserte i ungdommane våre og tilby dei lågterskeltiltaka der vi har moglegheit der ein kan få dei til å snakke.

Berg-Heggelund trekkjer fram at tenestene ofte ikkje er tilgjengeleg der ungdom er og at dei ikkje har språk til å be om hjelp.

– Kanskje dei ikkje har forståing for kva som er vanleg ungdomsproblematikk og kva er mobbing eller utanforskap.

Sigrid seier at dersom ein ser nokon som sit igjen og alle går ut, så må ein spør om dei vil vere med.

– Det gjer så lite, men det kan bety så mykje for den personen. Det gjer ikkje så mykje om vi er fleire. Det kan vise seg at den personen er ein kjemperessurs. Eg prøver på det, seier Sigrid.

Elias legg til:

– Eg veit godt korleis det er å ikkje bli invitert på ting og korleis det er å vere utanfor. Det har eg vore fleire gonger og det å vere sistemann er utruleg kjipt. Eg prøver å få med dei fleste.

Les også Marius var nær ved å bli en del av den dystre selvmordsstatistikken

Selvmord Valdres

Flere nyheter fra Troms og Finnmark