Hopp til innhold

70 tilsette ved Universitetssjukehuset i Harstad i karantene

70 tilsette er sett i karantene ved UNN i Harstad. – Situasjonen er uoversiktleg og uavklart, seier driftsleiar Gina Johansen.

UNN Harstad

Til saman 70 tilsette er sett i karantene ved UNN i Harstad.

Foto: Veronica Turnage / NRK

Smitteutbrotet i Harstad har spreidd seg og lamma store delar av samfunnet. No er 70 tilsette ved UNN i Harstad sett i karantene.

– To tilsette har testa positivt, og har sett 21 personar i karantene. I tillegg har mange av vore tilsette vore nærkontaktar eller på treningssenteret, seier driftsleiar Gina Johansen.

Smitte på eit treningssenter sette fleire hundre personar i karantene laurdag kveld.

Dei tilsette er spreidd utover fleire avdelingar, og utbrotet har derfor ikkje påverka drifta foreløpig.

– Smittesituasjonen er uoversiktleg og uavklart. Det kan derfor kome fleire smitta og fleire som blir tatt ut i karantene, seier driftsleiaren.

Johansen seier dei ekstra varsame med smittevernrutinane no for å unngå at dette skjer.

– Når det er snakk om eit så stort utbrot så er vi sjølvsagt uroa for at det skal spreie seg, seier Johansen.

Gina Johansen

Driftsleiar Gina Johansen seier pasientar kan vere trygge på smittevernet og må å møte til time som avtalt.

Foto: Trygve Grønning / NRK

Ventar svar i morgon

Fleire av dei tilsette er sett i ei såkalla vente-karantene, som er innført på grunn av den muterte virusvarianten.

– Desse skal vere i karantene fram til dei får eit svar på testen. Får dei eit negativt svar får dei kome tilbake på jobb, seier Johansen.

Ho reknar derfor med at fleire av dei tilsette kjem tilbake til jobb i løpet av nokre dagar. 57 av dei tilsette er testa søndag. Prøvesvar er venta mandag.

– Vi har ordinær drift og er framleis i grøn beredskap. Pasientane skal derfor vere trygge på å kome til sjukehuset, og møte til time som avtalt, legg ho til.

Over 800 i karantene

Til saman tolv personar har fått påvist covid-19 i Harstad til no. Dette har ført til strengare smittetiltak. Fleire verksemder i byen er påverka av smitteutbrotet.

Ei avdeling i Bergseng barnehage er stengt, det same gjeld ei avdeling ved Bergsodden sjukeheim. Fleire av dei som er i karantene er studentar knytt til UNN i Harstad.

Smitten i Harstad er spora tilbake til ein kommune i Viken. Kommunen meiner derfor det er stor grunn til at det er snakk om ein mutert virusvariant, som er meir smittsam.

Kommunen behandlar derfor utbrotet som om det skulle vere det muterte viruset.