Hopp til innhold

Utrygg opplæring i gruva

Store Norske på Svalbard har fått pålegg om å betre sikkerheita.

Svea Nord-gruva på Svalbard
Foto: Tor Richardsen / Scanpix

 

Arbeidstilsynet har gitt Store Norske pålegg om å setje i verk opplæringsrutinar som er forsvarlege. Tidlegare i år fekk Stor Norsk varsel om eit slikt pålegg, utan at dei gav tilbakemelding på det.

Skuldar på ferie

- Grunnen til at det ikkje vart gitt tilbakemelding, er vel eigentleg ferieavvikling, seier produksjonsdirektør Harry Higraf i Store Norske.

- Men kvifor driv de med usikker opplæring?

- Vi driv ikkje med usikker opplæring!

- Er pålegget frå arbeidstilsynet berre tull det då?

- Nei, vi tar pålegget svært alvorleg. Vi kjem til å gjere reie for overfor Arbeidstilsynet korleis vi driv opplæring, lover Higraf.

Selskapets ansvar

Det Arbeidstilsynet har peika på er at ein person driv opplæring av fem personar på ein spesiell maskin. Det skal vere to personar som har denne opplæringa i lag. Roald Jacobsen, nestleiar i Arbeiderforeninga i Longyearbyen, liker ikkje at sikkerheitsreglane ikkje blir følgt.

- Det er svært uheldig at slike ting skjer og at lovene og reglane ikkje blir følgt. Og det er sjølvsagt bedrifta sitt ansvar å følgje desse reglane, seier Jacobsen.

Følgjer med

Seniorrådgjevar i Arbeidstilsynet Nord-Norge, Tor Arne Birkelund vil no følgje gruvedrifta på Svalbard nøye.

– Vi har tilsett ein ny bergverksinspektør, og ein av hans viktigaste oppgåver blir å følgje med på det som skjer på Svalbard, seier Birkelund.

 

Flere nyheter fra Troms og Finnmark