Hopp til innhold

Snillisme om samisk kunst

Norske media er for snille i omtala av samisk kunst. Gir gode kritikkar til middelmådege kunstnarar berre fordi dei er samar, meiner redaktøren i Nordlys.

Samer. Illustrasjonsfoto.
Foto: Lise Aaserud / Scanpix

- Noko av dekninga er heilt klart prega av intellektuell latskap, vi er veldig snille med alt det samiske, noko som har røter tilbake til kamptida på 70-talet, då det var viktig å støtte opp under samisk språk og kultur,  meiner redaktør i Nordlys, Hans Kristian Amundsen.

 

- Tør ikkje å kritisere

Norske journalistar er redde for å gjere noko gale i forhold til utsette grupper. Det meiner Nordlys-redaktør Hans Kristian Amundsen. Han trur dette i stor grad pregar dekkinga ikkje-samiske media har av samisk kunst.

- Og for sikkerheits skuld er ein då alltid for Beaivvás samiske teater og ei kvar bok som kjem ut er bra, berre fordi ho kjem ut og ikkje fordi ho held det målet ho bør halde, sier Amundsen. 

Amundsen trur det er lett at kunstnarar som ikkje held så høg kvalitet blir hausa opp, berre fordi dei er samar.

- Øvst på pallen innafor samisk kultur vil du finne Mari Boine, Transjoik, Adjaggas; det er mange som er etablert på eit svært høgt nivå. Så vil du innafor samisk kultur, som innafor andre språkgrupper, finne nokon middelmådigheiter. Og det at vi løfter desse opp til å bli veldig bra - det må vi ikkje gjere, meiner Amundsen.

- Ser ikkje bort ifrå snillisme

- Eg skal ikkje sjå bort ifrå at uttrykk som er samiske har blitt gitt for mykje ros fordi det er samisk, sier den samiske musikaren Frode Fjellheim.

Fjellheim er kjent frå blant anna gruppa Transjoik. Han håpar ikkje norske journalistar er for snille med samiske kunstnarar, og trur det vil vere negativt for den samiske kunsten.

- Eg håpar jo at samiske kulturuttrykk får merksemd utifrå at det finnst samiske kunstnarar som gjer noko bra. Og det er jo slik samisk kultur kan overleve. Viss ikkje vi har noko som er bra nok må vi berre vente til det kjem noko som er betre. All kunst må bli bedømt utifrå kva det er, meiner Fjellheim.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark