Hopp til innhold

Skittent kjøkken stengt

Quality hotell i Hammerfest slapp ikkje gjennom kontrollen til Mattilsynet.

- Dette er pinleg, seier hotellsjef Linda Hassfjord ved Quality hotell Hammerfest til Finnmark Dagblad.

Overraska

Måndag kveld gjennomførte Mattilsynet kontroll på kjøkkenet til hotellet. Kjøkkenet var så skittent, at Mattilsynet valde å stenge med ein gong.

- Det var skittent under benkane og i ventilasjonsanlegget. Eg vart overraska over den dårlege hygienen ved kjøkkenet, seier Per Helge Enochsen i Mattilsynet.

Quality hotell har leigd inn profesjonelle vaskarar til å demontere og vaske kjøkkenet, og vurderer no å gjere det også i framtida.

Tar sjølvkritikk

- Eg tar sjølvkritikk for at dette kunne skje og synst det er svært pinleg. I framtida må vi følgje opp rutinane våre betre, seier Hassfjord til FD.

Seks restaurantar i Hammerfest har blitt inspisert av Mattilsynet. Rica Hotell og kafeen Qa fekk hastepålegg om å betre hygienen på kjøkkena sine.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark