Hopp til innhold

Shtokman utsett

Utbygginga ligg to år etter skjema.

Det russiske nyheitsbyrået Interfax melder i dag at naturgassfeltet Shtokman i Barentshavet, først vil begynne å produsere gass i 2013.

Opphaveleg skulle produksjonen på gassfeltet starte i juli 2011. Men berre få veker etter at det russiske selskapet Gazprom sa at dei ville byggje ut feltet aleine, vart prosjektet utsett.

 

Grunnen skal blant anna vere dei mislukka forhandlingane mellom Russland og WTO om eit russiske medlemsskap.Statoil og Hydro var lengje i forhandlingar om å få delta i utbygginga av Shtokman.