Hopp til innhold

Hektiske dagar på sjukehuset i Longyearbyen

Isbjørnangrep, skuterskadar og forfrysing: Det har vore to travle dagar på sjukehuset i Longyearbyen.

Longyearbyen sykehus

Sjukehuset i Longyearbyen

Foto: Gunn-Mari Eliseussen / NRK

– Dei siste dagane har vore veldig travle, og vi har vore nøydd til å avvise andre førespurnader som vi vanlegvis ville tatt imot.

Det seier avdelingsleiar ved sjukehuset i Longyearbyen, Aksel Bilicz.

For når turistane har strøyma til Svalbard dei siste dagane for å få med seg den spektakulære solformørkinga, har det for nokre gått utover helsa.

– I går hadde vi det veldig travelt, da vi fekk inn ein pasient med isbjørnskadar i tillegg til pasientar med skuter-skader, fortel Bilicz.

Fire sendt til Tromsø

Avdelingsleiaren ved sjukehuset opplyser at dei hadde tatt sine forholdsreglar, og ikkje sett opp timer i dag til vanlege pasientar, slik at dei tilsette skulle vere ledige dersom det plutseleg skulle vere mykje å gjere.

Og det blei det altså.

– Likevel kom dagen i går som ei overrasking, for det var stort press frå morgonen av, og mange pasientar måtte avlysast, seier avdelingsleiaren.

I tillegg til isbjørnskaden i går, har det vore ein del skuterskadar og forfrysingar.

I dag blei fire pasientar sendt med ambulansehelikopter til UNN i Tromsø, kor tre av pasientane hadde brotskadar etter skuteruhell.

Mykje skuterskadar

Er turistane flinke til å ta vare på seg sjølv når dei kjem til Svalbard?

– Vel, svarar Bilicz, som ser at mange av dei som kjem inn med brotskadar etter skuteruhell er nettopp turistar:

– Det har vore veldig mykje skuterskadar dei siste vekene, eigentleg, uvanleg mykje skader vil eg nesten seie. Eg veit ikkje kva som er årsaka, om det kanskje har vore ekstra mykje is, men det har vore mykje den siste tida, seier Bilicz.

No har sjukehuset ekstra mange i beredskap fram til i morgon tidleg, men avdelingsleiaren håpar det ikkje blir nødvendig å tilkalle dei i løpet av kvelden og natta:

– No håpar eg det roar seg, avsluttar han.