Hopp til innhold

Fredagsstengt sjukehus

Sørg for at du ikkje blir sjuk på fredagar. No skal UNN spare pengar.

Universitetssjukehuset i Nord-Norge, UNN i Tromsø, innfører firedagersveke frå 8. januar neste år. Det betyr at sjukehuset vil ha full drift berre frå måndag til torsdag.

Må spare 150 millionar

For pasientane betyr det at dei kan bli nødt til å reise til sjukehus i Sør-Norge for å få utført operasjonar.

– Vi må spare 150 millionar kroner, og derfor reduserer vi aktiviteten, seier sjukehusdirektør Knut Schrøder ved UNN til TV2.

Dårlegare pasienttilbod

Schrøder vedgår at tilbodet til pasientane blir dårlegare med denne innsparinga. Det akuttmedisinske tilbodet vil ikkje bli råka, men spesialisttenestane vil bli påvirka.

Avdelingsoverlege Rolf Busund seier til TV2 at han er redd dette vil føre til pasientflukt, tapte inntektar og eit dårlegare tilbod for dei 120 legane som blir utdanna ved sjukehuset kvart år.

 

Knut Schrøder
Foto: Jan-Morten Bjørnbakk / Scanpix

 

 

Flere nyheter fra Troms og Finnmark