NRK Meny
Normal

Bilda til Truls lokkar folk frå andre sida av verda

Eit nydeleg, men lunefullt syn. Folk kjem hit frå andre sida av jorda for å sjå nordlyset sin leik over himmelen, og nordlysbilde er uendeleg populære i sosiale medium. Blir vi aldri lei?

Koreansk par i Tromsø under nordlyset

Hana Kim og Hyungjai Lee, eit nygift par frå Sør-Korea, har reist jorda rundt på bryllaupsreise sidan juli månad. Nordlysbilda til hobbyfotograf Truls Melbye Tiller trakk dei til Tromsø.

Foto: Truls Tiller

– Viss eg legg ut eit bilde, og bildet blir delt i dei rette kanalane, så får eg 20–30 venneførespunadar på Facebook. Blir eit bilde delt i Pakistan, så dukkar det plutseleg opp 30 personar som vil bli venen min på Facebook.

Det fortel hobbyfotograf og tromsøværing Truls Melbye Tiller, som etter kvart har gjort det til eit meisterstykke å ta bilde av nordlyset.

Dei spektakulære bilda frå himmelen over Tromsø har gitt delingar over heile verda og opnar døra for nye, internasjonale venskap.

– Denne veka fekk ei melding frå ei sørkoreansk dame, som saman med mannen sin var på bryllaupsreise. Dei hadde reist sidan juli og skulle vere på reise i to år. No hadde dei sett bilda mine og hadde derfor kome til Tromsø, seier Tiller.

Truls Tiller foto

Eit av nordlysbilda til Truls Melbye Tiller. I bakgrunnen ser ein mellom anna Tromsdalstinden.

Foto: Truls Melbye Tiller

Det var nordlysbilda til tromsøfotografen som hadde fått auga til det sørkoreanske paret opp for ishavsbyen.

Og når dei no først hadde tatt turen, gjorde han som eitkvart godt vertskap gjer: Tok dei med ut på nordlysjakt med båt i Tromsøysundet i fleire timer.

Nordlyset dansa over turistane, som fekk eit minne for livet. Det gjorde inntrykk på Tiller.

– Det er nok ei av mine største opplevingar som nordlysfotograf. At eg gjer noko vettig med desse bilda, og at eg kan dele slike opplevingar med andre, seier han.

Besøk frå andre sida av verda er stort. Men også merksemd frå ein «sambygding» varmar:

– Noko av det største var den gongen vår kjære ordførar Jens Johan Hjort sat på «Nytt på nytt» i ei t-skjorte med trykk av mitt nordlysbilde på. Ein ting er at det var sjølvaste ordføraren i Tromsø, men så var det jo MITT bilde! Det set eg veldig høgt.

– Eg vil ha ro i fjørsteinane

Store opplevingar med ordføraren og sørkoreanske gjestar står høgt hos hobbyfotografen. I ein jungel av mobilbilde av nordlyset, legg han ut bilde som fleire kallar «manipulerte» eller fikla med.

– Det er ein evig diskusjon om bilda mine, og mange spør om eg verkeleg opplever motivet slik når eg tar det. Og da er det jo veldig fint når ein tar med seg folk ut i Tromsøysundet og dei får sjå med eigne auge kor sterkt det er, og at det er så godt synleg, seier Tiller.

Truls Melbye Tiller-ipad

Det finst mange appar for dei som går på nordlysjakt. Truls brukar dei til å finne ut både kor nordlyset er, kor sterkt det er, og korleis vêrutsiktene er for kvelden.

Foto: Torill Ustad Stav / NRK

Bilda hans blir delt og sett av fleire tusentals menneske.

– Hender det at du blir lei av å ta bilde av nordlyset? Tenker du nokon gong at du ikkje gidd meir?

– Med handa på hjartet har eg aldri opplevd at eg ikkje gidd. Men det hender at eg spør om det er mykje nok nordlys til at eg tar den turen ut? No bruker eg heller tida på å vere kreativ og leite etter nye motiv, og ser på dei som utfordringa, seier han og legg til:

Eg kjem aldri til å ta det ultimate bildet, og det er ikkje det som er motivasjonen. Å ta desse bilda er beroligande og det er som medisin for meg. Nokre har treningssenter, men det er ikkje eg skapt for. Eg vil ha ro i fjærsteinane.

Truls Melbye Tiller

Tiller er beskjeden nok til ikkje å ta all æra for den veksande nordlysturismen, men han trur likevel at jobben hobbyfotografane gjer er uvurderleg:

– Turistnæringa har nok tent litt på oss som spring rundt og knipsar bilde nedi fjæra.

«Alle» vil tilbake

Å fange nordlyset på kamera, har nok spelt ein stor rolle i marknadsføringa av Nord-Norge som reiselivsdestinasjon.

I 2008 blei dokumentaren «In the Land of the Northern Lights» der britiske Joanna Lumley reiser til Nord-Norge på jakt etter nordlyset vist på tv over heile verda.

Dokumentaren blei ein stor suksess for BBC, men fekk også solide ringverknader i Norge, noko reiselivet generelt og Hurtigruten spesielt fekk merke. Plutseleg skulle «alle» sjå himmelfenomenet i nord.

Og har ein først sett nordlyset – så vil ein gjerne sjå det igjen.

Ei undersøking NordNorsk Reiseliv AS har fått utført, viser at svært mange av turistane som har sett nordlyset, ønsker å sjå det igjen. Undersøkinga viser at 77 % av britiske turistar, 68 % av tyske turistar og 69 % av gjestane frå Japan ønsker å sjå nordlyset igjen.

Jill Russel og de andre nordlysturistene lar seg imponere av det magiske lyset.

– Generelt viser undersøkinga at interessa er høg. 80 % av dei som er spurt er svært interessert i å sjå nordlyset igjen, fortel Lena Nøstdahl, som er reiselivssjef i avdeling Tromsø i NordNorsk Reiseliv AS.

Perioden frå september til mars har blitt svært viktig for nordnorsk reiseliv, og mange vel å besøke landsdelen i desse månadane.

Nordlysbilde

Nordlys i Tromsø-området. Den siste veka har det vore nærmast høgtidsstemning blant dei som lever av og for nordlyset.

Foto: Bernt Olsen

– Nordlyset bringar fram mektige assosiasjonar. Turistane bruker ord som utruleg, vakkert, mystisk, fantastisk, imponerande og spektakulært, seier Nøstdahl.

Kven er det som kjem tilbake for å sjå nordlyset?

– Det varierer litt og er kulturbetinga. Vi ser at dei som er nært oss i geografi kjem tilbake ofte. Dei som kjem hit frå land lengre vekke har nok litt høgare terskel for å kome tilbake. Dei tenker ofte «been there, done that!», fortel Nøstdahl og legg til:

– Det finst unntak! Nokre forelskar seg i landsdelen og nordlyset, og kjem tilbake saman med barna sine. Nordlyset er ein ting mange har lyst til å dele med dei ein er glad i.

Lena Nøstdahl

Nordlyset skal gje lykkelege barn

Nordlyset har sin plass i mytar over heile verda. I den samiske kulturen lærer barna å passe seg for nordlyset – guovssahas. Ein skal respektere nordlyset.

På same måte lærte norske barn før i tida at ein ikkje skulle plystre til nordlyset.

Desse mytane bekreftar Pål Brekke, solfysikar og nordlysekspert.

Pål Brekke

Solfysikar og nordlysekspert Pål Brekke meiner det er fleire aspekt som speler inn på korfor nordlyset aldri går av moten.

Foto: Norsk Romsenter

– Det har lenge vore masse mytar rundt nordlyset. I gamle dagar var det eit mystisk lys som var kopla opp mot daude ånder og slikt, og det heng kanskje litt i. Men folk i dag veit vel at det ikkje er farleg å gå ut og leke rundt under nordlyset, svarar Brekke på spørsmål om korfor folk synest nordlyset er så fascinerande.

– Samtidig er det jo eit av dei mest spektakulære fenomena på jorda, og det er aldri likt. Du kjem aldri til å sjå det same to kveldar på rad. Det er eit fascinerande syn.

Kultur er den tredje årsaka, meiner nordlyseksperten.

I japansk kultur heiter det seg at ein skal unnfange barn under nordlyset - da vil det vakse opp til å bli eit lykkeleg og klokt barn.

Pål Brekke

– Du har jo sett ein del nordlys i di tid. Blir du nokon gong lei?

– Nei, for det er så spennande, for det endrar seg frå gong til gong. Og så er det spesielt å dele opplevinga med andre menneske, spesielt saman med folk som ikkje har sett det før. Og så er det sjølvsagt spenninga rundt om ein får sjå det eller ikkje. Ein kan jo vere veldig heldig.

Fotograf Truls Melbye Tiller har den same oppfordringa til folk som vil få den verkeleg store opplevinga:

– Kom deg ut! Det er mange som sitt i sofaen og ser på nordlyset, men ein må kome seg ut for å sjå det. Det er berre å ta på godt med klede og kome seg ut!

Nordlysturister

Ken og Hitomi, eit nygift par frå Tokyo, kom til Norge i 2010 for å oppleve nordlys. Mange japanarar meiner at å sjå nordlyset bringar lykke og godt håp for framtida.

Foto: Elisabeth Brun, NRK