NRK Meny

AUF vil ha Kjær på Stortinget

Representantskapet i AUF i Troms har valt Eirin Kjær som sin kandidat til stortingsvalet neste år. Det skriv Nordlys. Kjær er i dag leiar i fylkeslaget. Kjær seier til avisa at ho er glad for å bli valt, og at det er ein fordel for dei unge stemmane at den som blir valt inn på Stortinget er ein person som framleis er aktiv i AUF.