NRK Meny
Normal

Blir æresborgar av Ny-Ålesund

Mangeårig styreleiar i Kings Bay, Knut Ore, er blitt æresborgar i Ny-Ålesund. - Svært hyggeleg, seier Ore.

Knut Ore, styreleiar i Kings Bay AS

Knut Ore ved Amundsen-villaen som stod ferdig restaurert i 2011.

Foto: Eivind Molde / NRK

Den nordlegaste busetnaden i verda, Ny-Ålesund på Svalbard, har fått sin første æresborgar. - Vi vil på denne måten - som ein gest - vise at vi set stor pris på den jobben Knut Ore har gjort, seier direktør i Kings Bay AS, Ole Øiseth.

Er takksam

I 11 år har Knut Ore vore styreleiar for det statlege selskapet Kings Bay. Kings Bay legg til rette for forsking og miljøovervaking. Selskapet driv den internasjonale forskingsbyen i Ny-Ålesund, som mellom anna leverer viktige data til FNs klimapanel.

– Eg er svært takksam for den omtanken og den merksemda som er vist meg gjennom å bli utnemnt til æresborgar i Ny-Ålesund, seier Ore til NRK.no. - Det har ikkje skjedd før, og betyr mykje for meg etter dei åra eg har vore involvert der.

Måtte gå

Telegrafen

Neste år skal den historiske telegrafbygningen vere ferdig restaurert.

Foto: Eivind Molde/NRK

I sommar blei Ore overraskande fjerna som styreleiar. Dåverande nærings- og handelsminister Trond Giske (Ap) valde å setje inn SINTEF-direktør Unni Steinsmo i posten som styreleiar. Men Ore leier framleis styret for det årlege Ny-Ålesund-symposiet.

Knut Ore blei takka av under Kings Bay sitt juleseminar nyleg. Steinsmo takka Ore for det svært betydelege arbeidet han har lagt som styreleiar for Kings Bay og for svært god overføring av arbeidsoppgåvene. Som takk fekk han overrekt eit bilete av Ny-Ålesund. I talen kommenterte ho også det faktum at Ore no er utnemnd til æresborgar i Ny-Ålesund.

Store prosjekt

– Som direktør for Kings Bay har eg hatt glede av eit svært godt og solid samarbeid med Ore - som no held fram med ny styreleiar, seier Ole Øiseth til NRK.no.

Sidan 2002, då Ore blei leiar for styret, har han hatt handa på rattet i ei rekkje større prosjekt i Ny-Ålesund. Marinlaboratoriet blei offisielt opna av dåverande statsminister Kjell Magne Bondevik i 2005, året etter blei Ny-Ålesund-symposiet etablert som ei årviss samling for politikarar, næringslivsfolk og forskarar. I 2011 blei Amundsen-villaen opna igjen etter omfattande restaurering, og no er arbeidet godt i gang med å restaurere Telegrafen, som blir opna neste år. Til alle prosjekta er det henta inn ekstern, privat finansiering for totalt 30 millionar kroner. Eit anna stort prosjekt var gjennomføringa av 50-årsmarkeringa i fjor av Kings Bay-ulukka, med bl.a. Kongen og Stortingspresidenten til stades.

Set pris på menneska

– Eg har mange svært gode minne frå arbeidet med Kings Bay, det er ei eineståande bedrift i nord og i ein utruleg natur, seier Knut Ore. - Men mest av alt har eg sett pris på dei menneska som eg har møtt og som eg har hatt eit så hyggeleg forhold til. - Eg er varig blitt biten av Svalbard- og Ny-Ålesund-basillen. - Den varer livet ut, legg han til.

Vidare vekst

Tyskland, Frankrike, Kina, Japan, Sør-Korea, India, Italia, Nederland, Storbritannia og Noreg har eigen forskingsstasjon i Ny-Ålesund. I tillegg driv eit titals land med forsking utan å ha eigen stasjon på staden. Tsjekkia har planar om å etablere seg med ein stasjon som skal vere operativ i 2015. Ore har tru på vidare vekst på 79 grader nord.

– Ny-Ålesund vil komme til å vere ein heilt sentral stad for forsking i nord i framtida, spesielt når det gjeld klima, den aller viktigaste utfordringa vi har, seier Knut Ore. - Kan styresmaktene hjelpe til med vidareutvikling av bygningar og infrastruktur, ligg det til rette for ytterlegare styrking av Ny-Ålesund som ein sentral stad for internasjonal forsking.