Hopp til innhold

Giske erstattar Kings Bay-leiar med ein av sine eigne

Næringsminister Trond Giske (Ap) trumfar tysdag gjennom ei ny omstridd styreutnemning. Den mangeårige styreleiaren i Kings Bay AS blir kasta til fordel for ein tidlegare Ap-nestleiar.

Trond Giske

Nærings- og handelsminister Trond Giske (Ap) set vedtektene i det statlege selskapet Kings Bay AS til side for å skifta ut styreleiar Knut Ore med Hill-Marta Solberg, som har hatt ei rekkje sentrale verv i Arbeidarpartiet.

Foto: Birgitte Iversen / NTB Scanpix

Oppdatert: Trond Giske setter likevel ikke inn Hill-Marta Solberg som erstatter for nåværende styreleder Knut Ore.

Trond Giske har tidlegare vorte sterkt kritisert for å utnemna sine eigne til viktige styreverv.

Utskiftinga av sitjande styreleiar Knut Ore i det statlege selskapet Kings Bay AS skjer til store protestar frå styret og direktøren, i eit år der det ikkje er val av nytt styre.

Svært overraskande, meiner nestleiar i styret, Pål Prestrud.

– Eg blei ganske forundra fordi dette er midt i ein toårsperiode. Han blei oppnemnd for eitt år sidan, så det kom overraskande på at dette skjer etter eitt år. Det kom som eit lyn frå klar himmel, seier han.

Styreleiar i Kings Bay AS, Knut Ore og Espen Barth Eide

Styreleiar i Kings Bay AS, Knut M. Ore saman med utanriksminister Espen Barth Eide under Ny-Ålesund-symposiet i mai i år.

Foto: Eivind Molde / NRK
Hill-Marta Solberg

Tidlegare Ap-nestleiar Hill-Marta Solberg overtek styreleiarvervet i Kings Bay AS etter dagens generalforsamling i selskapet. Solberg har hatt ei rekkje verv i Arbeidarpartiet, men har sidan 2009 vore fylkesmann i Nordland.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Vil gje vervet til tidlegare partifelle

Eg fekk for kort tid sidan beskjed om at departementet ønskjer seg ein ny styreleiar. Det hadde eg ikkje venta, det kom overraskande på meg.

Knut Ore, styreleiar i Kings Bay AS

Kings Bay er eit statleg selskap for forsking og miljøovervaking på Svalbard. Selskapet driv den internasjonale forskingsbyen i Ny-Ålesund, som mellom anna leverer informasjon til FN sitt klimapanel.

Knut Ore har sete som styreleiar i det statseigde selskapet Kings Bay i 11 år.

Etter det NRK har grunn til å tru, kjem eigaren, Næringsdepartementet, til å kasta Ore under dagens generalforsamling.

Ap-statsråd Giske vil i staden setja inn tidlegare Ap-nestleiar (1992-2007) Hill-Marta Solberg i det godt betalte styrevervet i Kings Bay - 117.500 kroner i årleg honorar.

Beskjeden kom like uventa på styreleiaren sjølv som på resten av styremedlemmene. Han fekk beskjeden om at han får sparken ei knapp veke før dagens generalforsamling.

– Eg fekk for kort tid sidan beskjed om at departementet ønskjer seg ein ny styreleiar. Det hadde eg ikkje venta, det kom overraskande på meg, seier Ore til NRK.

– Ore har gjort ein kjempejobb

Næringsminister Giske ønskte måndag ikkje å kommentera denne saka. I ein e-post får NRK følgjande svar frå departementet:

«Valgene til styrene finner vanligvis sted for en periode på to år, i samsvar med aksjelovens hovedregel. Departementet foretar en løpende vurdering av styrets arbeid, kompetanse og utfordringer, og utskiftinger utenom perioden vil derfor forekomme».

NRK har vore i kontakt med samtlege styremedlemmer, ingen av dei kan forstå kvifor departementet vil byta ut styreleiar Ore.

Dårleg behandling av ein dyktig leiar, meiner styremedlem Kirsten Borch Mathisen.

– Eg blir veldig overraska. Knut Ore har gjort ein kjempejobb for styret. Under hans leiing har me sett i gang store prosjekt i Kings Bay: marinlaboratoriet, oppussinga av Amundsen-villaen og gjennomføringa av NY-Ålesund-symposium, som var ein stor jobb som Ore hausta mykje skryt for, fortel Mathisen.

Ny-Ålesund

Kings Bay er eit statleg selskap som eig og driv Ny-Ålesund - eit senter for internasjonal forsking og miljøovervaking. Forskarbyen er den nordlegaste permanente busetnaden i verda. 10 land har eigne forskingsstasjonar her.

Foto: Eivind Molde / NRK