Hopp til innhold

Venstre i utspørjing

Venstre går for ei ikkje-sosialistisk regjering i år, og samarbeider også med Frp for å hive dei raud-grøne ut av regjeringskontora.

Torgeir Fossli (V) spørjast ut

Torgeir Fossli (V) spørjast ut.

Landets eldste parti har stolte tradisjonar å ta vare på, men og ei dramatisk partihistorie med noregsrekord i partisplitting.

Men partiet har bevist, fleire gonger dei siste 40 åra, at i politikken er det eit liv etter døden.

Sjå fleire utspørjingar her:

Falt ut av Stortinget

Venstre falt heilt ut av Stortinget i 1985, og var utan representasjon i nasjonalforsamlinga fram til Lars Sponheim kom inn frå Hordaland i 1993.

Sponheimen fekk Venstre inn i to regjeringar: Bondevik 1 og Bondevik 2. I den siste Bondevik-regjeringa, frå 2001 til 2005 hadde Venstre til og med fleire regjeringsmedlemmer enn stortingsrepresentantar.

Det er også noregsrekord.

Vinglar hit og dit

Venstre har, meir enn andre, for vane å vingle litt hit og dit, og det har variert frå tid til tid og val til val kven Venstre vil samarbeide med.

Mest berømt er valkampen på åttitalet der Venstre lova støtte til Arbeiderpartiet, og partileiar Odd Einar Dørum stod fram i brudebilde med Gro Harlem Brundtland i Venstres valgbrosjyrer. Det blei ingen suksess.

Den mektigaste Venstremannen frå Telemark

Telemark Venstre har fostra ein av Noregs mest lengesittande statsministrar: Gunnar Knudsen frå Borgestad.

Hallvard Eika frå Bø er nok den mektigaste Venstremannen frå Telemark i nyare tid, han var både landbruks og handelsminister på 70 talet. Og Eika er den førebels siste venstremannen frå Telemark på tinget.

I år skal Torgeir Fossli frå Notodden fronte Venstre i valkampen. Denne gongen har partiet vore tydeleg, om ikkje samstemt, på at Venstre SKAL bidra til regjeringsskifte. Om så i regjering med Frp, sjøl om mange vil meine at Venstre og Frp står for stikk motsett politikk i mange kjernesaker.

Torgeir Fossli har lang farstid i lokalpolitikken på Notodden, og han er nå fylkesleiar i partiet. Han var dermed eit naturleg førsteval då Venstre skule fornye listetoppen i år.

Fossli skal vere god på piano, om han er like god til å spele på dei politiske tangentane og at han dermed kan gjenreise Venstre som eit stortingsparti i Telemark – det får vi vite natt til 10. september.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark