NRK Meny
Normal

Utryddingstrua korall funne langs kysten

LANGESUND (NRK): Det er gjort funn av den raudlista korallen Lophelia i eit sund utanfor Langesund i Telemark. Staten vil at korallen undersøkast nærmare.

Raudlista korall

Slik ser den raudlista korallen Lophelia ut.

Foto: Solfrid Leirgul Øverbø / NRK

– Eg tenkte fyrst at eg kanskje hadde fått ei støvel på kroken slik som Donald Duck pleier å få, smiler Tom Erik Økland.

Han stod å fiska ved sundet Dypingen i Langesund da han plutseleg fekk napp på kroken. Det han fyrst trudde var ein støvel synte seg å vere ein bit korall.

– Pulsen byrja å slå litt fortare når eg skjønte kva eg hadde i hendene, seier Økland.

Den døde korallbiten var av typen Lophelia. Ein art som står på raudlista til Artsdatabanken, med status som "Nær truga" (NT).

– Sidan denne biten er ganske stor tyder det på at det har vore ein levande koloni her i området på eit tidspunkt. Kanskje er det noko her framleis, seier Økland.

Tom Erik Økland

Det var Tom Erik Økland som fekk fangsten på kroken.

Foto: Solfri Leirgul Øverbø / NRK

Vil sjekke området

Kaldvasskorallen finst langs store deler av norskekysten, men mellom Hvaler i Østfold og Ryfylke i Rogaland er det ingen andre kjente bestandar. Korallen bryr seg ikkje om skipstrafikk og liker seg best på mellom 50- og 100 meters djup.

– Denne korallbiten har nok liggje død ei stund, men denne var ganske fin og kvit i toppane, så det kan tyde på at det finst meir, seier havforskar Jan Helge Fosså.

Jan Helge Fosså.

Jan Helge Fosså er forskar ved Havforskingsinstituttet.

Foto: Havforskningsinstituttet

Han meiner dette er eit spennande funn fordi det manglar opplysningar om arten langs heile kysten av Sør-Noreg. Han får støtte frå staten, som ikkje ser bort frå at ein no må sjå nærare på desse havområda.

Dette funnet tyder på at det finst meir korallar langs kysten enn me veit om. Me meiner difor ein burde setje i gang meir systematiske undersøkingar, seier Trond Eirik Silsand, som er seniorrådgjevar ved miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Telemark.

Trond Eirik Silsand

Trond Eirik Silsand, seniorrådgjevar hos Fylkesmannen i Telemark, vil undersøke funnet nærare.

Foto: Petter Melsom / NRK

Kven som eventuelt skal starte med undersøkingane er Silsand førebels usikker på, men han trur det for kan verte Havforskingsinstituttet som vil få oppgåva.

Om det skulle syne seg å vere korallar ute i fjordane her, bør området da vernast?

– Det er nok for tidleg å seie noko om enno. Fyrst må me skaffe oss meir kunnskap om områda her, seier Silsand.