Hopp til innhold

UDI kan overta Bolkesjø

BOLKESJØ (NRK): Bolkesjøhotellet kan bli permanent transittmottak for flyktningar viss UDI ynskjer det. Det går fram av ei avtale mellom noverande hotelleigarar og utlendingsdirektoratet.

Bolkesjø Hotell

Bolkesjø kan bli permanent transittmottak.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Om ein månad overtar UDI bygget, men inntil vidare kjem det til å stå tomt.

Ingvild Amble Eriksen

Kommunikasjonsrådgjevar Ingvild Amble Eriksen, UDI Øst.

Foto: Privat / UDI

– Sist helg kom det berre tretten flyktningar hit til landet, det er så få at me har ledig kapasitet mange stader, seier kommunikasjonsrådgjevar Ingvild Amble Eriksen i UDI.

Det betyr også at direktoratet ikkje har planer om å ta i bruk hotellbygget dei leiger frå 1. september på Bolkesjø i Notodden kommune.

– Men det blir no pussa opp, og me kan raskt ta det i bruk dersom behovet skulle oppstå.

Omstridt mottak

UDI hadde planar om eit transittmottak til opp mot 600 personar her i det store gamle hotellet på Bolkesjø.

Det førte til lokalt opprør blant dei 80 fastbuande som kjende seg invaderte.

Klipp fra Brennpunkt-dokumentaren "Ikke i mitt nabolag".

UDI inviterte til folkemøte i vinter, og der var det svært mange kritiske røyster. Også Notodden kommune var kritisk for dei synest informasjonen var alt for dårleg.

I mellomtida fungerte det tidlegare Gran Hotell Bolkesjø som transittmottak, og dei fastbuande hevda at dei hadde ein god del dårlege erfaringar med folk som tok seg til rette.

UDI kan overta hotellet

Bolkesjøhotella gjekk konkurs i 2014, og etter det har det ikkje vore ordinær hotelldrift. Det tidlegare så populære konferansehotellet har stade tomt.

Familien Søreide, som eig hotellet, har vore klart positiv til å få i gang drift att på eit eller anna vis. No blir bygget rehabilitert slik at det er klart til UDI formelt tek over i september i år.

– I fyrste omgang har me ei leigeavtale på to år med rett til forlenging i nye fem år. Skulle UDI ynskje å forlenge leigeavtala i fem år til, overtek direktoratet bygget når leigeavtala er over, seier Eriksen.

Godt besøkt folkemøte

Fullt hus på folkemøte i Gransherad, og motstandarane av mottak var i klart fleirtal.

Foto: Anne Lognvik / NRK