NRK Meny
Normal

– SV må gjenreise tillit

Arne Vinje meiner SV må ha ein politikk som vedgår mange, og gjenreise tilliten som distriktsparti.

Arne Vinje

SV-ordførar Arne Vinje meiner partiet må få ein breiare politikk som tilfredsstiller mange.

Foto: Picasa 2.6 / NRK

Etter åtte år i posisjon og eit elendig stortingsval sist haust har Telemark SV årsmøte i Porsgrunn denne helga.

Åtte år i raud-grøn regjering enda sist haust med eit sviande valnederlag, og nå må partiet meisle ut vegen vidare i opposisjon.

SV-ordførar Arne Vinje i Vinje meiner det er viktig at tilliten til SV blir gjenreist – også som eit distriktsparti.

Han meiner det blir viktig å få ein breiare politikk, og ikkje berre konsentrere seg om nokre få hovudtema.

– Dei kan vere viktig nok, men er ikkje tilfredsstillande for mange, seier Vinje.

Politikken må vedgå mange

Ordfører i Vinje, Arne Vinje

Arne Vinje er ordførar for SV i Vinje.

Foto: Vinje kommune

Han meiner SV må vere aktive med politikk på område som vedgår mange rundt om kring i landet.

– Då trur eg SV kan få større oppslutning, seier Vinje.

Han meiner det blir viktig for årsmøte i SV å sette eit slag distriktstempel på politikken.

– Det har mangla, seier Vinje.

Ordføraren i Vinje etterlyser politikk som har med utviklinga av Distrikts-Noreg og landbruk.

– Det synest eg er viktig at SV engasjerer seg i, seier Vinje.

Partiet må tørre å tenke høgt

Politisk sekretær i Telemark SV, Ådne Naper, ser fram til å arbeide i opposisjon igjen.

– Vi er frigjort frå masta og partiet skal stå fram som ein høgttenkande ide- og premissleverandør, seier Naper.

Han meiner oppgåva for SV er å finne tilbake til seg sjølv som det klare opposisjonspartiet.

– SV kan vere SV igjen. Vi kan tenke høgt og lufte forslag, ta tøffe debattar utan å frykte for konsekvensane, seier Naper.

Han meiner det blir viktig for å vekke begeistring blant veljarane.

Må jobbe knallhardt for oppslutning

Ådne Naper

Ådne Naper er politisk sekretær i Telemark SV.

Foto: Solfrid Leirgul Øverbø / NRK

Ådne Naper seier at partiet må jobbe knallhardt for å vere relevante, viss SV sine forslag til løysingar skal få oppslutning i politiske val.

– Det er vi også avhengig av, seier Naper.

Han meiner Telemark SV må gjere vedtak om sjukehusstrukturen for å ha ein klar politikk i det spørsmålet, og kommunestrukturen i Telemark.

– Samanslåing av kommunar blir tema i framtida, anten vil det eller ikkje, seier Naper.

Han trur også det blir omkamp på skulestrukturen. Naper meiner det er viktig å kome i forkant av desse sakene og utvikle politikk, fordi det er viktig for Telemark.

– Då skal vi i SV har eigne forslag, seier han.

Ådne Naper trur ikkje det blir eit roleg årsmøte for SV i Porsgrunn laurdag og søndag.