Hopp til innhold

SV vil ikkje ha fleire prøver i grunnskulen

Telemark SV sin førstekandidat til Stortinget, Ådne Naper, meiner testregimet i Osloskulen skaper berre byråkrati, og bør ikkje innførast som nasjonal modell.

Skoleklasse

Telemark SV vil ikkje ha fleire prøver og testar i grunnskulen.

Foto: Scanpix / SCANPIX

I følgje Utdanningsforbundet er det innført 15 ekstra prøver i Osloskulen.

Det ønsker ikkje Naper seg for grunnskulen i Telemark.

Ådne Naper

Ådne Naper i Telemark SV.

Foto: Solfrid Leirgul Øverbø / NRK

Nasjonale prøver og testar er ein stor tidstjuv. Det skaper press for snevre prøveførebuingar og meir byråkrati, seier Naper i Telemark SV.

Vil ha svar frå Høgre

Han vil ha svar frå Telemark Høgre på om dei vil innføre fleire testar i Telemarksskulen, om dei skulle vinne valet.

– Eg vil ha svar på om Telemark Høgre vil innføre Oslomodellen i Telemark, seier Naper.

Han vil ha svar på om Høgre i Telemark synest det er lurt med 15 nye prøver i grunnskulen og adoptere dette til heile landet.

Han meiner skuleungdom over heile landet fortener eit svar på dette spørsmålet.

Behov for noko anna

Tina Wilcox

Tina Wilcox i Unge Høgre.

Foto: Roald Marker / NRK

Tina Wilcox er leiar i Telemark Unge Høgre og 4.kandidat på stortingslista. Ho ser gjerne til Osloskulen.

Nå ser vi at Oslomodellen har fungert i Oslo. Det ser vi på nasjonale prøver og på undersøkingar på skulane, seier Wilcox.

Og ho meiner det er ein god modell og seier ja til fleire prøver i grunnskulen.

– Eg trur det er det grunnskulen treng, seier Wilcox.

Og meiner det er veldig positivt å få innført denne Oslomodellen over heile landet.

– Vi ser at resultata i grunnskulen i Telemark ikkje er så veldig gode, og det er behov for å gjere noko anna, seier Wilcox.