Hopp til innhold

Grenlandsbanen er ein stor siger for SV

– Den nye strekninga skal få det vakre namnet Grenlandsbanen, og for oss i SV er dette ein stor siger, seier Ådne Naper førstekandidat på stortingslista til Telemark SV.

Ådne Naper

Ådne Naper er stortingskandidat for Telemark SV.

Foto: Solfrid Leirgul Øverbø / NRK

Ei samankoblinga av Vestfoldbanen og Sørlandsbanen er nå med i Nasjonal Transportplan. Stor siger, seier SV i Telemark.

Les også;

SV, Arbeiderpartiet og SP er blitt einige om å be jernbaneverket sette i gang planlegginga av den nye toglinja som har fått namnet Grenlandsbanen.

Dette ein stor siger for SV, seier Ådne Naper førstekandidat på stortingslista til Telemark SV.

Samankoblinga av Sørlandsbanen og Vestfoldbanen kom med i sluttforhandlingane i regjeringspartia av Nasjonal Transportplan.

Dette vil løfte Telemark og gjere Grenland til eit knutepunkt for Sørland, Austlandet og Vestlandet, seier Naper.

Artikkelen fortset under biletet

Ekspresstog.

Ei samankobling av Sørlandsbanen og Vestfoldbanen vil korte ned reistida.

Foto: Håkan Falk / Scanpix

Nødvendig førstesteg

Regjeringspartia ber nå Jernbaneverket om å starte utgreiingane for den 59 kilometer lange jernbanestrekninga.

Den skal vere ferdig i løpet av 2018, og etter det skal Stortinget ta stilling til om jernbanestrekninga blir bygt.

Det er eit heilt nødvendig første steg for eit så stort prosjekt, seier Naper.

Ein ny bane på 59 km vil redusere reisetida Stavanger-Oslo med om lag èin time.

Enda betre er det at Grenlandsbanen gjer Sørvestbanen mogleg, seier Naper.

Snarveg for toget

Jernbaneforum Sør meiner Sørvestbanen vil kunne tilby reisetider på under 3 timar mellom Oslo og Kristiansand, og under 5 timar mellom Stavanger og Oslo.

Det er ikkje utan grunn at denne snarvegen for toget mellom Grenland og Sørlandsbanen blir kalla for «genistreken», seier Naper.

Naper meiner ei ny jernbanelinje vil gjere miljøvennleg jernbane langt meir konkurransedyktig i forhold til både veg og flytrafikk på strekninga.