Hopp til innhold

Bjørndalen skryter av smøresjef frå Drangedal

Ole Einar Bjørndalen fortset og satsar fram mot OL i 2018. Skryter veldig av smøresjef Tom Idar Haugen frå Drangedal.

Tom Idar Haugen

Smøresjef Tom Idar Haugen fekk skryt av Ole Einar Bjørndalen på pressekonferansen. Men Haugen har ikkje avgjort om han også vil fortsette.

Foto: Olsen, Geir / NTB scanpix

I dag tidleg kom nyheita om at Ole Einar Bjørndalen fortset, og han satsar altså vidare mot OL i Sør-Korea om to år.

Les meir: Bjørndalen fortsetter karrieren - tok oppgjør med ekspertene

Under pressekonferansen skrøyt Bjørndalen også av smøreteamet, med smøresjef Tom Idar Haugen frå Drangedal i spissen.

– For å kunne prestere må eg ha eit team rundt meg. Det har eg. For å prestere i meisterskap må du ha topp utstyr og gode skismørarar. Og det har vi sett er meir og meir avgjerande. I år er vi konkurransedyktige igjen, og vi har eit ekstremt godt smøreteam. Det er veldig godt å ha når du skal gå inn i to nye år, sa Bjørndalen på pressekonferansen.

Bjørndalen måtte ha møte med Haugen

Tom Idar Haugen

Smøresjef Tom Idar Haugen frå Drangedal.

Foto: NRK

Smøresjef Tom Idar Haugen sa på Telemarksendinga at det var gledeleg å høyre at Ole Einar Bjørndalen vil halde fram i to år til.

– Det er bra for skiskyttarsporten, bra for oss, så det er berre plussar i det, seier Haugen.

Han har ikkje visst om kva som ville skje så veldig lenge, men Bjørndalen ringde Haugen måndag.

– Han skulle på død og liv ha eit møte med meg. Så då skjønte eg at det var noko. Og etter ein lang prat med han fortalde han kva som skulle skje på pressekonferansen, seier Haugen.

Les også: Bø: – Jeg elsker smøreteamet!

Hyggeleg å få skryt

Smøresjefen blei ikkje så veldig overraska, for Bjørndalen har vore veldig opptatt av neste års terminliste.

– Eg ante vel kva avgjerda kunne bli før VM.

Haugen synest det er veldig hyggeleg at Bjørndalen skryt av jobben smøretamet gjer for han.

– Vi var heldige i år. Av og til bommar vi, og av til treffer vi. Men det har vore ein bra sesong. Og Bjørndalen veit kva han pratar om.

Les også: Tarjeis taktiske genistrek - her ringer han smørerne under stafetten

Har fått positive signal

– Bjørndalen har bestemt seg for å fortsette. Kjem du til å fortsette som smøresjef?

– Det har eg ikkje tenkt så veldig mykje på enno. For vi er midt i evalueringsprosessen. Dei fleste kontraktar går ut nå, blant anna min. For eg hadde teikna ei eitt års kontrakt. Den avgjerda må eg ta i løpet av april. Og veit ikkje min situasjon ennå, så det klarar eg ikkje å svare på, seier Haugen.

Men Tom Idar Haugen har fått positive signal, og håpar at flest mogleg i smøretamet fortsett.

– Det er ein del ting som må på plass. Men det hjelper at Ole Einar held fram. Det er ein motivasjonsfaktor for oss andre det, seier Haugen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark