Hopp til innhold

Politiet vil ha meir trafikk over Siljan

Politiet vil ha mest mogleg trafikk over Siljan, etter brukollapsen på E18. Ordføraren fryktar farlege tilstandar på vegane.

Siljans kommunesentrum med ordfører Gunn Berit Rygg Holmelid

Ordførar Gunn Berit Rygg Holmelid meiner fylkesveg 32 gjennom Siljan ikkje er eigna for så stor trafikk som politiet oppmodar til.

Foto: Lars Nehru Sand / NRK

Etter kollapsen av brua på E18, har omkøyringsvegane ved Holmestrand blitt overbelasta med trafikk. Nå håpar politiet og vegstellet at flest mogleg vil bruke vegen om Siljan som omkøyringsveg.

Ordføraren i Siljan meiner vegen gjennom kommunen ikkje er dimensjonert for denne typen trafikk.

Les også: Ny vei - mer trafikk

Politiet vil ha meir trafikk

Men politiet meiner det er den beste løysinga.

Andreas Rødø

Andreas Rødø i UP.

Foto: Thomas Blekeli / NRK

– Vi veit det er ein del utfordringar på omkøyringsvegane i Vestfold, så vi rår folk frå Grenland til å køyre over Siljan og Lågendalen mot Oslo, seier Andreas Rødø, i Utrykningspolitiet i Telemark og Vestfold.

Han seier at dei, saman med vegstellet ser på situasjonen, men vurderer å skilte omkøyring om Lågendalen og Siljan. Det betyr mykje meir trafikk over denne strekningen.

– Viss det blir utviklinga så er det ei utvikling vi vil ha. Politiet ønskjer helst at trafikken med tunge bilar skal gå frå Bommestad, for riksveg 32 over til Siljan har ikkje kapasitet for den type kjørstøy, seier Rødø.

Les også: Krev trafikkløysing - men utan FrP

Fylkesveg 32 er ikkje eigna

Gunn Berit Rygg Holmelid

Ordførar Gunn Berit Rygg Holmelid.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Ordfører i Siljan, Gunn Berit Rygg Holmelid, har merka meir trafikk men blei forskrekka over oppfordringa frå politi og vegstell.

– Eg blei litt overraska når eg høyrde det. For fylkesveg 32 er ikkje eigna til å ta den store trafikken, seier Rygg Holmelid.

Ordføraren fortel at fylkesveg 32 går gjennom bustadområde i Siljan, og seier at ein stor trafikkauke vil få konsekvensar for folk i Siljan.

– Det er eg ikkje i tvil om, seier Rygg Holmelid som fryktar for sommartrafikken om dette varer lenge.

Les også: Vil flytte trafikken til Holmestrand sentrum