Bystyra i Skien og Porsgrunn og kommunestyret i Siljan har vedtatt bypakka. Samferdselsdepartementet har sendt reknestykka vidare til eit konsulentfirma, og der ligg saka.
No fryktar fylkesordførar Terje Riis-Johansen (Sp) og partia som stør bypakken at sakshandsaminga skal dra ut, slik at arbeida med å løyse trafikkproblema må vente.
– Dersom Stortinget ikkje får høve til å handsame saka i vår vil det råke ikkje berre miljøet for folk i Grenland. Det vil og råke næringslivet, og skape ein dårlegare kvardag for folk flest, seier Terje Riis-Johansen, som var med på den politiske markeringa ved Lilleelva i Porsgrunn i dag.
Les også:
Hoksrud oppgjeven
Statssekretær Bård Hoksrud (Frp) seier at fylkesordføraren og gruppeleiarane bør vite betre.
– Fylkesordføraren blei orientert så seint som i førre veke. Dette er eit politisk spel, seier Hoksrud, som ikkje vil legge press på konsulentane som no kvalitetssikrar reknestykka i bypakken.
– Selskapet må få den tida dei treng. Men dersom konsulentane ikkje finn store feil i reknestykka, er målet framleis at Stortinget skal få saka til handsaming i vår, seier Hoksrud.
Frp fekk ikkje vere med
Gruppeleiarane i dei politiske partia så nær som Framstegspartiet var invitert til markeringa i morgontimane i dag.
– Det er grunn til å merke seg at våre folk ikkje fekk vere med, seier Hoksrud.
– Dette var ei markering for partia som står bak Bypakke Grenland. Der er ikkje Framstegspartiet med, svarar fylkesordførar Terje Riis-Johansen.