– Ikkje køyr til kysten for å plukke søppel

BØ (NRK): Vil du bidra i kampen mot plastavfall? Da gjer du lurt i å plukke søppel ved elver og innsjøar, meiner vasskoordinator.

Bildekk ved Norsjø

AVFALL: Bildekk, plastkanner og glasflasker er nokre eksempel på kva ein har plukka opp av elver og innsjøar så langt i år.

Foto: Turid Stalsberg / Telemark bondelag

– Når du fyrst byrjar å leite etter plasten, blir du fort forferda over kor mykje du finn, seier vasskoordinator i Midt-Telemark, Anita Kirkevold.

Ho har ansvaret for elver og innsjøar i ti kommunar. Så langt i år, er det plukka tre tonn avfall berre i desse vassområda.

– Mykje av dette avfallet er jo tunge ting som motorar og dekk frå bilar, men det me finn mest av er plast, i alle former og fargar, seier Kirkevold.

Anita Kirkevold - vasskoordinator i Midt-Telemark

FRYKTAR MIKROPLAST: Anita Kirkevold peiker på at det er lettare å plukke søppel i innlandet. Da rekk ikkje plastposane å bli mikroplast.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Kverner plasten

Ei av elvene Kirkevold har ansvaret for er Bøelva. Når NRK møter ho ved elvebredda, tek det ikkje mange sekund før me finn plast. På eit velta tre, nede ved vasskanten, ligg det ein kvit plastpose og klamrar seg til trestamma.

– Sidan den ligg i eit område der det sjeldan kjem folk, så vil den bli liggjande der, og bli brote ned over tid.

Slik vil plastposen, over tid, ende opp som mikroplast i elva.

– Når plasten blir brote ned ender det opp som mikroplast. Denne elva har utløp i Norsjø, som er drikkevasskjelde for heile Skien kommune, seier Kirkevold.

Plastpose ved Bøelva

PLAST: Her ligg plastposen ved Bøelva. På grunn av vanskeleg terreng, måtte me diverre la den ligge.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Ei kartlegging som Norsk Vann har gjort i sommar, syner at det er lite mikroplast i norske drikkevasskjelder i Noreg. Men dei fryktar at dette kan bli eit problem i framtida, om me ikkje tek grep.

– Sjølv om førekomsten av mikroplast i norsk drikkevatn er låg, må kampen mot plastforsøpling og mikroplast halde fram. Det er viktig for å hindre forureining av miljøet, og for å sikre trygt drikkevatn i springen, understrekar direktør i Norsk Vann, Toril Hofshagen.

Ho seier seg einig med Kirkevold i at ein bør bli flinkare til å plukke plast og anna avfall i innlandet.

– Drikkevasskjeldene våre er sårbare for forureining. Me må difor gjere alt me kan for å passe på dei, seier Hofshagen.

Toril Hofshagen

LETTA: Toril Hofshagen er glad for at det førebels er lite mikroplast i norsk drikkevatn. Ho meiner difor me må ta tak no.

Foto: Helleberg.Nic Hell.gt.13 NO-2319 Hamar Norway ivar@helleberg.be

Etterlyser betre haldningar

Fokuset på plast og avfall langs kysten og i havet, har aldri vore større, og den siste tida har det blitt utført tusenvis av ryddeaksjonar.

– Det blir gjort ein kjempejobb fleire stader, og eg meiner ikkje at me skal bli dårlegare til å rydde ved kysten. Min oppfordring er berre at om du bur i innlandet, ikkje køyr til kysten for å plukke søppel, seier Kirkevold.

Kirkevold meiner også at det framleis må ei haldningsendring til hos folk.

– Eg har opplevd å rydde eit område for søppel, for så å finne det like tilgrisa når eg kjem tilbake neste år.

Ho ber difor folk om å slutte og kaste søppel ut av bilvindauget.

– Viss du kastar søppel i ei grøft, så kjem det før eller seinare vatn i den grøfta. Det vatnet renn ut i ein bekk eller ei elv. Det skal ikkje meir til.