Fryktar pop up-butikkane vil ta ifrå dei levebrødet

Butikkeigarar som prøvar å halde liv i forretninga si heile året fortvilar over auka konkurranse om sommaren. Men det må dei leve med, seier Virke.

Kragerø sentrum

ATTRAKTIVT: Kragerøs gater er fulle av turistar no om sommaren. Det er det mange som vil tene pengar på.

Foto: Louie Procopio / NRK

Det seiast at innbyggjartalet i sommarbyen blir femdobla i løpet av fellesferien – frå 10 000 til 50 000.

Det er det mange som vil nyte godt av.

Stadig fleire finn seg eit tomt butikklokale for å selje varer til turistane nokre veker om sommaren. Det same skjer i mange andre turistbyar.

– Fryktar dette berre er starten

I 30 år har Finn Christian Mehlum drive Vestøl Herre- og ungdomsklede i Kragerø sentrum. Året rundt. No er han og mange andre i handelsstanden urolege for utviklinga dei ser. Mange fortel at dei ikkje tek ut løn kvar månad.

– Det er elleve stille månader i Kragerø. Me treng å tene pengar i juli. Viss ikkje går det ikkje rundt for dei fleste av oss, seier Mehlum.

Kvart år når sommaren nærmar seg, kjem også konkurrentane.

– Me er redde for at dette berre er starten på ein aukande trend, seier Mehlum.

Finn Christian Mehlum, Vestøl

Finn Christian Mehlum synest det blir vanskelegare å drive når konkurrentar dumpar prisane.

Foto: Randi Berdal Hagen / NRK

– Smeller halvhjarta opp ein butikk

I sommar har kleskjeda Follestad etablert seg i Storgata.

– Me hadde eit stort overskotslager som me måtte realisere, seier dagleg leiar William Follestad.

Målet er å gå i null og få selt ut fjorårsvarer til ein rimeleg penge.

– Det er slik verda er. Outlet- og pop up-butikkar har kome for å bli, seier han.

Follestad pop-up Kragerø

Follestad sel overskotsvarer i ein midlertidig butikk i Kragerø i sommar.

Foto: Randi Berdal Hagen / NRK

I fjor gjekk heilårsbutikkane i byen saman for å drøfte temaet, fortel Janna Pihl i Kragerø næringsforeining.

– Andre kjem inn og smeller opp ein butikk litt halvhjarta for å få kommersiell gevinst ut av det. Det står i motsetning til heilårsbutikkane som arbeider for eit levande sentrum, seier Pihl.

I år heng store plakatar i vindauga rundt omkring med teksten «Kragerø heile året» og namna på butikkane som er opne året rundt.

– Kunden har aldri hatt meir rett

På gata i Kragerø trillar turist Sara Hegdal frå Bergen rundt med barnevogn medan ho kikkar i butikkvindauga.

– Eg tenkjer ikkje over om det er ein midlertidig butikk eller ein vanleg butikk. Det som betyr noko er at dei har fine ting i min stil, seier ho.

Sara Hegdal

Turist Sara Hegdal seier ho ikkje tenker over om butikkane ho handlar i er opne heile året.

Foto: Randi Berdal Hagen / NRK

Harald Andersen i bransjeorganisasjonen Virke Handel meiner bransjen må erkjenne at dette er den nye verkelegheita.

Kunden har alltid vore sjefen. Det har aldri vore meir rett enn i dag, seier han.

Andersen forstår frustrasjonen til butikkeigarane, men trur den handlar vel så mykje om dei store omveltingane i varehandelen generelt dei seinare åra. Netthandelen gjer at stadig fleire butikkarbeidsplassar blir borte.

– I kjølvatnet av endringane vil me sjå mange nye konsept. Pop up er eitt av desse, seier Andersen.

– Kundane må ta valet

I årevis har Lise Ann Jørgensen har drive klesforretninga Liseanns i Kragerø. Stamkundar kjem att år etter år, men ho merkar godt konkurransen og åtvarar mot utviklinga:

– Me kan berre fortelje folk korleis situasjonen er. Så må kundane ta valet sjølve.

Lise Ann Irgens Jørgensen

Lise Ann Irgens Jørgensen fryktar konkurransen frå sommarbutikkane vil auke i åra som kjem.

Foto: Randi Berdal Hagen / NRK