Hopp til innhold

Soningskøane krympar

Ifølgje Kriminalomsorgsdirektoratet er det no historisk korte køar for å sone fengselsstraff i Noreg. Dei tilsette i fengsla har likevel aldri vore meir bekymra for kvaliteten på soningsforholda.

Skien fengsel

KORTARE KØAR: Det er no færre personar som står i kø for å sone i norske fengsel.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

I løpet av mine 25 år i teneste har eg aldri opplevd at norsk kriminalomsorg har vore så dårleg som no, seier leiar i Norsk fengsel- og friomsorgsforbund i Telemark, Ingeborg Kivle.

Bekymringane til Kivle dreiar seg i hovudsak om at det no blir budsjettert for lite pengar til fengsla. Noko som førar til ein krevjande kvardag for både tilsette og innsette.

– Eg er bekymra for at fleire av dei som sit i fengsel ikkje får den hjelpa dei treng, seier Kivle.

I Telemark fengsel har dei sett seg nøydd til å fjerne fleire spesialprogram, som blant anna førebygging av rus og vald, for å få bukt med økonomien.

– Det er urovekkande at me må fjerne slike program, og tilsette i norske fengsel opplever no stadig oftare trugsmål og direkte vald, seier Kivle.

Kivle seier det finst tal som dokumenterer desse påstandane, og at dei er sendt inn til Justisdepartementet og Kriminalomsorgsdirektoratet.

Ingeborg Kivle er leder i Norsk fengsel- og friomsorgsforbund avdeling Telemark og nestledar i Regio

BEKYMRA: Leiar i Norsk fengsel- og friomsorgsforbund i Telemark, Ingeborg Kivle, seier kvaliteten på norsk kriminalomsorg har blitt for dårleg.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Nederland skapar kortare kø

1. september i fjor starta ordninga der norske lovbrytarar vart sendt til Nederland for å sone straffa si. Denne ordninga gjev no resultat i soningskøen.

Rett før fengselet i Nederland opna i 2015 var det 1038 personar som stod i kø for å sone straff. Når ein no ser på tala eitt drygt år etter, er talet nede i 320 personar.

KDI Kriminalomsorgsdirektoratet Marianne Vollan

NØGD: Marianne Vollan i Kriminalomsorgsdirektoratet seier soningsplassane som blir leigd i Nederland gjev gode resultat for soningskøen.

Foto: Kriminalomsorgsdirektoratet / KDI

– Me ser at dei soningsplassane me leiger i Nederland gjev ein auka kapasitet, og det er hovudårsaka til dei låge tala, seier Marianne Vollan. Ho er direktør i Kriminalomsorgsdirektoratet.

Vollan nektar for at fengselsplassane i Nederland går utover kriminalomsorga i Noreg.

Desse fengselsplassane er jo finansiert for seg sjølv, så det har ingenting å seie for drift av fengsel i Noreg, seier Vollan.

– Berre bra for statistikken

På statsbudsjettet for 2017 er det sett av 270 millionar kroner til de 242 fengselsplassane i Nederland. Samtidig er det foreslått å kutte over 20 millionar kroner i kriminalomsorga i Noreg.

– Det blir kjempedyrt å drive på denne måten, samtidig som det berre ser bra ut på statistikken. Det er ikkje bra for samfunnet at kriminalomsorga blir drifta på denne måten seier Ingeborg Kivle.