Fytti katta - lykkeleg slutt for «Lykke»

Eventyrlysten tok overhand for katten «Lykke». Ein liten stopp for å drikke vatn, enda opp med ein fem dagars tur i ukjent terreng.

Katten Lykke er gjenforent med eigar.

FOREINA: «Lykke» blei foreina med matmor Marit Anmarkrud. f.v. Gabriel Guddal Hegland, Hermann Guddal Hegland, Kristian Lia Hegland og Kornelius Guddal Hegland.

Foto: PRIVAT

Det blei ein strabasiøs ferie for katten «Lykke». På veg frå Austlandet og heim til Stavanger, måtte «Lykke» strekke på beina og ha seg litt vatn.

Då fann den vesle rakkaren ut at no var det nok bilkøyring og reiste til skogs. Fortvila stod eigarane att, dei venta og leita lenge, men utan «Lykke».

I den stressa situasjonen som oppstod forsvann også all stadsans, og det einaste eigarane var sikre på var at «Lykke» hadde reist til skogs ein stad mellom Breviksbrua og Arendal.

Det er ein strekning på over 100 kilometer. «Lykke» kunne difor vere kor som helst.

Eit veldig engasjement på sosiale media

«Lykke» venta også kattungar, det var difor viktig å finne katten før ho fekk ungane.

Dagane gjekk, frustrasjonen og håpet sank for matmor Marit Anmarkrud. Dei fann ut at dei måtte prøve å etterlyse katten i sosiale media.

Eg har fått så mykje telefonar og meldingar. Det har vore eit stort engasjement, seier Anmarkrud.

Katten Lykke

PÅ VANDRING: Den enda lykkeleg for «Lykke», som var på vandring i skogen.

Foto: PRIVAT

Trassa allergi

På søndag fekk familien Hegland besøk av ein katt. Dei var på ferie i Gropdalen i nærleiken av Kragerø.

Me såg ein katt som rusla utanfor her, men me tenkte at det berre var ein lokal katt. Seier Pål. A Hegland.

Då familien såg katten dagen etter, lura dei og tok til sosiale media for å etterlyse eigaren.

Dei fekk etter kvart napp, det var mest sannsynleg «Lykke» dei hadde funne.

Ein av gutane har mild allergi mot katt, men sidan dei hadde funne eigaren og «Lykke» var gravid, trassa dei allergien og tok ho inn.

Gunnleik, Lilli, Emma Elise og Kitty Jr.

Matmor Marit skulle kome dagen etter, men i løp av natta skjedde det ting.

Me hadde teke inn katten slik at den ikkje skulle forsvinne att. Og i løp av natta hadde det kome fire kattungar, fortel Pål A. Hegland.

Han seier vidare at ungane var heilt i ekstase og at denne opplevinga ikkje kjem til å bli gløymd med det fyrste.

Gutane tok godt vare på både mor og born fram til Marit Anmarkrud kom.

Alle kattar må ha eit namn tenkte gutane som kalla dei fire kattungen for, Gunnleik, Lilli, Emma Elise og Kitty Jr.

Det enda altså lykkeleg for Lykke.

No har ho fortent namnet sitt endå meir, avsluttar Marit Anmarkrud.