Hopp til innhold

Endeleg vil folk ha mjølka han produserer

SKIEN (NRK) : Forbruket av økologisk mjølk aukar på Austlandet, og det er godt nytt for bonde Kim Erik Ellingsen i Skien.

For tre år siden blei ingenting av den økologiske mjølka selt til forbrukerane. Men nå er det snudd, og nå blir nesten halvparten selt i butikk.

Kyrne til Kim Erik Ellingsen blir sleppt ut på beite kvar dag etter at dei er blitt mjølka i fjøset. Også om vinteren får dei lufta seg ei kort stund.

I mange år har bøndene i Telemark produsert nesten ein million liter med økologisk mjølk i året, men den har ikkje blitt selt til forbrukarane som økologisk mjølk.

Kim Erik Ellingsen la om økologisk mjølkeproduksjon i 2000. Men den økologiske mjølka han leverte til Tine kom fram til forbrukarane som vanleg mjølk.

No er han glad for at den mjølka bøndene i Grenland leverer blir selt til forbrukarane som økologisk.

– Det er godt. Og det var endeleg på tide. Eg synest det er bra at Tine endeleg får bruke den mjølka dei tar inn frå oss, seier Ellingsen.

Kim Erik Ellingsen, økologisk bonde

Kim Erik Ellingsen meiner det ligg godt til rette for å drive økologisk landbruk i Gjerpensdalen der han har garden sin.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Trist at råvara ikkje blei brukt

Tine tok initiativ for å få fleire bønder i Gjerpensdalen til å legge om til økologisk produksjon på 90-talet. Men folk ville heller kjøpe vanleg mjølk i butikken, så mjølka bøndene produserte blei selt som vanleg mjølk.

Ellingsen tykte det var trist at den gode råvara blei stemoderleg behandla av Tine i så mange år.

– Men det må vere opp til Tine å bruke mjølka dei gir oss godt betalt for, på den måten dei har bruk for.

Halvparten blir selt som økologisk

Unn Grønvold Nikolaisen, direktør i Tine

Unn Grønvold Nikolaisen, direktør i Tine.

Foto: Tine

Men nå har det snudd. Så langt i år reknar Tine med at nesten halvparten av den økologiske mjølka i Telemark blir produsert og selt som økologisk mjølk.

På dei reine økorutene i området, som Telemark er ein del av, samla Tine inn 3.366.000 liter økologisk mjølk frå januar til august 2016. Av dette blei 1.575.000 liter selt til meieri som tappar økologisk mjølk i Sem i Vestfold og til Oslo.

Unn Grønvold Nikolaisen, kategoridirektør i Tine, seier at dei til ein kvar tid ser på kor i landet det er mest hensiktsmessig å legge produksjon.

– Det har å gjere med kor det blir selt mest økologiske varer i butikken. Og i Oslo og på Austlandet har etterspurnaden generelt vore størst.

Trur på vekst for økologiske varer

Men framleis er det lite av den totale mengda av mjølk som også blir selt som økologisk mjølk.

– I volum og verdi representert økologisk mjølk berre fire prosent av mjølka som blir selt i daglegvarebutikkane. Og framleis er det slik at det er få som vil betale ekstra for økologiske varer, seier Grønvold Nikolaisen.

Tine ser at det er ein endring av verdiar i det norske samfunnet mot økologiske produkt.

– Vi trur på framleis vekst for økologiske produkt. Men veksten i Noreg har ikkje kome like raskt og like kraftig som i land vi kan velje å samanlikne oss med, seier Grønvold Nikolaisen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark