Hopp til innhold

Festbussen var først på ulykkesstaden

Bussen med 30 feststemte passasjerar kom først til ulykka der ein familiefar blei drepen. Fleire av passasjerane deltok i redningsarbeidet og har hatt det tøft etterpå.

Dødsulykke på E18 i Larvik natt til 1. nyttårsdag

KOM FØRST: Det var ein buss med passasjerar som hadde vore på nyttårsfeiring i Tønsberg som kom først til dødsulykka på E18 1. nyttårsdag.

Foto: Geir Eriksen

Bussjåfør Kurt Hansen køyrde bussen ulykkesnatta. Han tippar at dei kom om lag eit minutt eller to etter at ulykka skjedde. Og det var eit dramatisk syn som møtte dei på staden.

– Det var hardt skadde folk, og ein veldig alvorleg kollisjon, seier Hansen.

Hans Christian Jacobsen, som var arrangør for bussturen og nyttårsfesten, fortel at det låg restar av bilane over alt.

– Det var eit tragisk og veldig trist syn. Då bussen stoppa var det veldig mange av passasjerane som ville ut og sjå. Men bussjåføren klarte å stoppe dei.

Prøvde å få oversikt over situasjonen

Hans Christian Jacobsen

Hans Christian Jacobsen var ein av dei som hjelpte til.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Jacobsen fortel at han og to kvinner som hadde kunnskap om førstehjelp blei med bussjåføren ut av bussen for å sjå kor mange som var skadde.

– Når vi kjem ut ser at det er ingen andre der, og at det er vi som kom først til ulykka.

I ettertid har dei fått ros av politiet for korleis dei klarte å handtere det som var ein svært vanskeleg situasjon.

Kurt Hansen fortel at dei konsentrerte seg om å få kontroll på staden, og ringe ambulanse for å gje dei ei best mogleg skildring av situasjonen.

– Kor mange som sat fast. Om det var nokon som kunne vere, og kor mange barn som var involvert i ulykka. Slik at det kom mange nok ambulansar.

Opplevde ulykka på nært hald

Bussjåfør Kurt Hansen

Bussjåfør Kurt Hansen kom rett opp i dødsulykka på E18 i Vestfold.

Foto: Privat

I ettertid er det eit par av kvinnene som var med i bussen med festglade personar som har hatt det tøft etter å ha opplevd den dramatiske ulykka på nært hald.

– Det er forståeleg. For dei har jo bidratt med å hjelpe med å få dei skadde ut av bilane, prata med dei og utført førstehjelp så langt det var mogleg, seier Hansen.

Han fortel at dei sit igjen med ein del harde inntrykk.

– For dei fleste som var i bussen trur eg det går toleleg greitt. Men det må undersøkast meir i tida som kjem.

Les også: Siktede fortsatt på sykehus

Kommunen hjelper familien

Skien kommune gjer alt den kan for å stø familien som blei råka av dødsulukka på E18 natt til 1. nyttårsdag, skriv ordførar Hedda Foss Five på Facebook.

Både kriseteamet, barnehagen, skulen og helsesøster er involverte etter ulukka der ein familiefar omkom, mens kona og eitt barn blei alvorleg skadde. To barn blei lettare skadd.

Ein 21 år gamal mann er sikta for forsettleg drap.