Hopp til innhold

Etterlyser kartlegging av friluftsliv

Berre 60 norske kommunar har så langt kartlagt sine friluftslivsområde, men 104 kommunar er i gang. Det går for seint, meiner Norsk Friluftsliv.

På ski

FRILUFTSLIV: Folk på veg ut på skitur i nærområdet. Norsk Friluftsliv meiner det er viktig å få kartlagt friluftsområde nær område der folk bor.

Foto: Ingunn Håkestad Bråthen / NRK

Regjeringa har som mål at flest mogleg av kommunane i landet skal ha kartlagt og verdsett sine viktigaste friluftslivsområde innan 2018.

Ifølge Miljødirektoratet har berre om lag ein tredjedel av kommunane gjort kartlegginga eller har komme i gang ved årsskiftet.

Les meir: Forsker: – Vi må endre vanene våre

Viktig å kartlegge

Lasse Heimdal

Lasse Heimdal i Norsk Friluftsliv.

Foto: Tor-Emil Schanche / NRK

Norsk Friluftsliv meiner det er viktig å gå i gang med å kartlegge og verdsette sine naturområde.

– Det går for seint, og det uroar oss, seier Lasse Heimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv.

Han meiner planar for friluftsliv i kommunane er avgjerande for å unngå konfliktar med blant anna private aktørar om bygging i friluftsområde.

– Då er mykje avklart på førehand, og det vil gjere prosessar med utbyggarar enklare og raskare, seier Heimdal.

Kartlegginga vil gje ein oversikt over område som kan vere aktuelle for sikring ved hjelp av statlege middel. Den gir også eit godt grunnlag for utarbeiding av sti- og løypeplanar, som vedlegg til kommunedelplanar for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet.

– Kommunane har eit ansvar for folkehelse. Og friluftsliv er ein enkel måte å førebyggje livsstilssjukdomar på, seier Heimdal.

Han meiner folkehelsegevinsten ved eit aktivt friluftsliv er betydeleg, og det er særlig viktige i nærområde til der folk bor.

Les meir: Færre enn før drar ut i skog og mark

Nokon har starta arbeidet

Ingen kommunar i Telemark har kome i gang med kartlegging av friluftsområde. Men ifølgje Miljødirektoratet skal fleire kommunar i gang i 2016.

Bjørnar Løkstad, Grenland friluftsråd

Bjørnar Løkstad, Grenland friluftsråd.

Foto: Skien By

Bjørnar Løkstad i Grenland friluftsråd har vore i kontakt med alle kommunane i Telemark.

– Seks kommunar har svara positivt på at dei vil vere med på ei kartlegging av friluftsområde i år. Blir det like mange dei to neste åra, så er vi i mål til 2018, seier Løkstad.

Bodø kommune i Nordland har alt registrert 755 friluftslivsområde. Tidlegare var vurderinga av ulike omsyn i arealplanlegginga basert på tilfeldige innspel gjennom høyringsutsegn.

– Nå har vi konkret dokumentasjon med eige temakart for friluftsliv. Det er viktig i spørsmål om hytteutbygging, seier byplansjef i Bodø, Annelise Bolland.

Bergen kommune reknar med å bli ferdig med kartleggingsarbeidet sommaren 2016, og reknar med å få kartlagt omtrent 500 store og små friluftslivsområde.

Vil føre til betre val

Norsk friluftsliv meiner kunnskap kan føre til det blir gjort betre val i arealplanlegginga.

Det blir lettare å gjere gode, bevisste vurderingar, og ikkje minst å utvikle gode friluftslivsområde for innbyggjarane i norske kommunar, seier Heimdal.

Norsk Friluftsliv ser gjerne at dei frivillige friluftslivsorganisasjonane blir tatt med i arbeidet med kartlegging og verdsetting av friluftslivsområda, fordi dei sit med ei unik erfaring og oversikt.

Her kan du finne ut om din kommune har kartlagt friluftsområde

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark