Hopp til innhold

Her stod Simons elsykkel

Salet av elsyklar aukar denne våren. Det gjer også talet på tjuveri. Då Simon André Rørstad kom til parkeringa etter å ha bada, var elsykkelen til 32.000 kroner borte.

Simon André Rørstad

HER STOD ELSYKKELEN: Simon André Rørstad frå Porsgrunn blei fråstolen elsykkelen, mens han var på Olavsberget for å bade.

Simon André Rørstad og nokre venner var på Olavsberget, ein populær badeplass i Porsgrunn. Då han og kameraten kom tilbake til sykkelparkeringa ved badestranda fekk han oppleve at ein sykkellås ikkje alltid er nok.

For elsykkelen til 32.000 kroner var stolen. Han viser kor elsykkelen blei parkert klokka 16.00 om ettermiddagen før han gjekk for å bade.

– Då eg kom tilbake klokka 21.30 var elsykkelen stolen. Det er så trist, for eg brukte veldig mykje pengar på den sykkelen. Når den blir stolen er det veldig frustrerande.

Kenneth Bjaanes, ekspeditør hos Scushi elsykkel

SALET ER BRA: Kenneth Bjaanes seier det er blitt populært med elsykkel. Men diverre er det også nokon kundar som får sykkelen stolen.

Foto: Roald Marker / NRK

I sykkelbutikken Scushi i Porsgrunn fortel ekspeditør Kenneth Bjaanes at salet av elsyklar er veldig bra.

Men Bjaanes fortel også om uheldige kundar som har fått elsykkelen stolen.

– Den siste veka har sju-åtte kundar tatt kontakt for å få kopi av kvitteringa etter at elsykkelen dei har kjøpt er blitt stolen. Vi er ein ganske liten butikk, så for oss er det veldig mange.

Politiet har gode råd

Politiet i Telemark har hatt 80 meldingar om stolne elsyklar sidan 1. mai, det seier seksjonssjef på Grenland politistasjon Sverre Valle.

– Det er like lett for tjuvane å ta ein elsykkel, som ein vanleg sykkel. Men ein elsykkel har som regel ein høgare verdi.

Godkjent og ikkje godkjent sykkellås i 2017

Sykkellåsen til venstre er godkjent i 2017. Den andre er ikkje godkjent lenger.

Foto: Roald Marker / NRK

Han har to enkle råd til dei som har elsykkel.

– Det er å låse sykkelen, og ta bilete av serienummer, i tilfelle den blir stolen.

Men langt frå alle melder tjuveriet direkte til politiet når det kan gjerast enkelt via politi.no. Der fyller du ut eit skjema og får kvittering på meldinga elektronisk etter kort tid.

Det er nødvendig når du skal ha igjen pengane frå forsikringsselskapet.

Stolne syklar 2012-2016

2012

2013

2014

2015

2016

Stolne syklar

10.503

11.205

12.243

11.895

11.203

Endring i %

1,8

6,7

9,3

-2,8

-5,8

Erstatning i 1000 kr.

50.624

58.143

70.419

69.053

69.410

Endring i %

3,9

14,9

21,1

-1,9

0,5

Prognosar for 2017 viser at salet av elsyklar stig også i år. Det er difor venta at talet på tjuveri vil auke tilsvarande.

Verdien på syklane går oppover

If-forsikring har ikkje tal som direkte seier noko om tjuveri av elsyklar, men verdien på stolne syklar aukar, seier informasjonsdirektør Jon Berge i selskapet.

– Vi ser ingen stor auke generelt i talet på sykkeltjuveri, men summane blir høgare.

Tidlegare var det bandar som spesialiserte seg på båtmotorar. Nå kan det hende det er elsyklar. Berges råd er enkelt. Få sykkelen ut av syne og inn i låste rom.

– Gode låsar er viktig. Og det beste er om du kan parkere inne i ein garasje, eller andre stader.

Berge fortel at syklar som har ein verdi opp til 20.000 kroner er automatisk med i innbuforsikringa. Har du ein dyrare sykkel kan du få ein eigen sykkelforsikring med verdi inntil 200.000 kroner og eigendel 2000 kroner.