Hopp til innhold

Anonym bommotstandar: – Brenn godt og lenge i helvete

SKIEN (NRK): Bommotstandarar i Telemark har sendt eit anonymt hatbrev til dei ansvarlege for bomprosjektet i Grenland. I brevet ber avsendaren dei ansvarlege brenne i helvete.

Trafikkbilde fra Oslo

Dei ansvarlege for bomprosjektet i Grenland har fått eit anonymt hatbrev, som ber dei brenne i helvete.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Avsendaren varslar omfattande hærverk mot bomstasjonane, dersom planen om å delfinansiere det nye vegnettet i Grenland med bompengar blir gjennomført.

Fylkesrådmann Evy-Anni Evensen i Telemark fylkeskommune tek trugsmåla på alvor.

– Det er svært alvorleg når det blir sett fram trugsmål mot offentleg tilsette som gjennomfører lovlege politiske vedtak. Vi har varsla brevskrivaren om at den aktuelle e-posten er arkivert, og at den blir brukt som prov dersom avsendaren gjer alvor av trugsmåla, seier ho.

Les og:

Varslar omfattande hærverk

Det var på føresommaren Bypakke Grenland tok imot ein anonym e-post, der avsendaren varslar hærverk mot bommane.

«PER bom som dukker opp skal jeg legge en tusenlapp i sparebørsen min. Disse pengene skal gå direkte til hærverk på bomstasjonene. Sammen med en haug kompiser. Lykke til med å bruke opp penger dere aldri kommer til å tjene tilbake. Jævla forpulte idioter», skriv avsendaren.

Hacka e-posten til 18-åring

Karoline Furebotn

Avsendar har misbrukt hotmail-adressa til Karoline Furebotn (18).

Foto: Privat

E-posten er sendt frå ei hotmailadresse som tilhøyrer 18 år gamle Karoline Furebotn i Øvre Årdal. 18-åringen blei opprørt då fylkesrådmannen i Telemark varsla om at nokon misbrukte kontoen hennar.

– Det er ugreitt å vite at den svært grove ordbruken kjem frå mi hotmailadresse. Dette er berre ikkje meg, seier 18-åringen, som har vore i kontakt med politiet.

– Politiet i Sogn ber meg sende ein e-post til hotmail for å endre passordet, eller for å legge ned adressa. Dersom det ikkje hjelper, blir det aktuelt å melde saka, seier Karoline Furebotn.

Trugsmål mot Bypakke Grenland

Faksimile av anonym e-post sendt til dei ansvarlege for bomprosjektet i Grenland.

Fylkesrådmannen ventar med å melde

Også fylkesrådmann Evy-Anni Evensen har vurdert å melde saka til politiet.

– Men førebels nøyer vi oss med å gjere klart for avsendaren at dei grove trugsmåla er arkivert, seier Evy-Anni Evensen.