Både strikking og gitarspeling kan vere snarvegar til kvardagslykke. Det finst mange grunnar til det, vi startar med ein fysisk:
Montgomery er psykolog og familieterapeut, og meiner samfunnet har for få aktivitetar der vi må vere hundre prosent til stades.
– Om du strikkar eller spelar gitar, kan du ikkje skrolle på mobilen samtidig, seier den kjende psykologen.
FINNE RO: Hedvig Montgomery meiner du får den same effekten av aktivitetar som sying og treskjering, sjølv om det ikkje er forska like mykje på dei områda.
Foto: Janne RuglandKople ut verda
Venneparet Emilie Skjønhaug (25) og Hans-Marius Johnsen (24) frå Os i Vestland dyrkar kvar sine hobbyar.
LYST Å PRØVE GITAR: Emilie Skjønhaug og Hans-Marius Johnsen har ikkje prøvd kvarandre sin hobby. – Men eg vil gjerne lære å spele gitar, seier Emilie.
Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK– Gitaren gjer at eg koplar verda heilt ut. Kvar dag gler eg meg til å komme heim frå jobb og spele på den, seier Hans-Marius.
og vann bluescupen på Notodden Blues festival.
– For meg er strikkinga særs avslappande. Det gir meg ro, eg kan gjere det utan å tenke så mykje, seier Emilie, som har strikka sidan ho var seks år gamal.
STRIKKAR OVERALT: Emilie har strikketøyet med seg kor enn ho går.
Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRKSamanlikna strikking og musikk
Britiske forskarar har funne ut kven som skal vere mest lykkeleg av Emilie og Hans-Marius.
I ei undersøking frå School of Psychology ved Keele University og Royal Northern College of Music i Manchester i 2019, har 122 amatørmusikarar blitt samanlikna med 835 som strikkar.
Konklusjonen: Både musikarane og dei som strikka fekk den same, gode effekten psykisk og sosialt. Dei følte meining og tilfredsheit, ei indre glede av å gjere noko kreativt.
Men: Dei som strikka scora endå høgare på lykke enn dei som dreiv med musikk.
DRØYMER OM STORE SCENER: Hans-Marius Johnsen er hobbymusikar, her frå ein konsert på Os i januar 2017.
Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK– For meg verkar det logisk. Når du spelar eit instrument, må du nå eit visst nivå for å meistre det. Dagleg blir du minna på via YouTube og Instagram at du ikkje er så flink som du skulle ønske, seier Hans-Marius.
Han får støtte frå Hedvig Montgomery.
– Musikarar kjem ofte inn i eit konkurransedrive miljø, og må prestere på kommando. Dei som strikkar, må sjeldan stå på ei scene og strikke for å få applaus, seier Montgomery.
DISKUTERER UNDERSØKINGA: Hans-Marius trur det er mindre press blant dei som strikkar enn blant musikarar.
Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRKKollektiv glede
Veronika Møgster frå Austevoll, deltakar i Symesterskapet, strikka mykje til ungane då dei var små. Men jo større dei blei, jo lengre tid tok det.
– Eg blei jo aldri ferdig, så då begynte eg å sy i staden. Det passar glimrande for ei utolmodig sjel som meg, smiler Veronika.
Ho synest det er superstas å sy noko ho føler seg vel i, eller som ungane har lyst på, og blir lykkeleg av å sy bursdagsgåver som blir godt mottatt.
SKIFTA TIL SYMASKIN: Veronika Møgster i Symesterskapet blir mindre rastlaus og meir fornøgd med livet når ho får sy.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRKVeronika er opptatt av å spreie gleda ved å sy, så fire helger i året er det sy-samling på skulen heime i Austevoll.
Sist var dei 20 samla, alle med kvar sine symaskiner og prosjekt.
– Eg skreiv ut jumpsuit-mønsteret til Symesterskapet, og den var det mange som sydde. Det er så kjekt når nybegynnarar og erfarne hjelper kvarandre, fortel ho.
- Sjå alt frå Symesterskapet i NRK TV
Fem ting som gir kvardagslykke
At fellesskap er viktig for lykkekjensla, bekreftar psykolog Ragnhild Bang Nes, som er forskar ved Folkehelseinstituttet og Universitetet i Oslo.
LYKKEBOK: Psykolog Ragnhild Bang Nes har gitt ut boka «Lykkekuren – Bli lykkelegare på 31 dagar".
Foto: PrivatHo har laga ei liste over fem ting som gir kvardagslykke:
- Å gjere ein meiningsfull aktivitet
- Å vere aktiv med andre
- Å vere oppmerksamt til stades
- Å lære noko nytt
- Å gi noko tilbake til andre
– Aktivitetar som inneheld alle desse faktorane, vil gje størst effekt på lykkekjensla, seier Ragnhild Bang Nes.
Sjølv hadde ho kollegaer som fekk henne med seg til strikkebutikken ein haust, då strikka ho tre skjerf.
FORSKAR PÅ LYKKE: Ragnhild Bang Nes har gode minne om sjalet ho strikka, som ho brukar her. Ho seier at minna om gjevande aktivitetar også gir lykkekjensle.
Foto: PrivatNes seier at resultatet frå lykkeforskinga på strikking også vil gjelde for andre typar handarbeid, som saum. Sjølv hugsar ho ei sterk lykkeoppleving knytt til sying:
– Eg sydde ei capribukse på 70-talet saman med bestemor. Heile den prosessen, frå ingenting til ferdig plagg, var ei utruleg oppleving. Eg følte ei stoltheit eg aldri kjem til å gløyme, seier Nes.
- Les òg:
Reduserer depresjon og angst
I Storbritannia har «British Journal of Occupational Therapy» publisert ei internasjonal studie om kva strikking har å seie for personleg og sosialt velvære.
Resultatet viser ei sterk kopling mellom strikkehyppigheit og kjensla av ro og lykke. Dei som strikka saman med andre, opplevde sterkare lykkekjensle og forbetra sosial kontakt.
Organisasjonen Mental Health America har samla forskingsresultat frå fleire som har forska på strikkingas fordelar.
Oppsummeringa viser at strikking reduserer depresjon, angst og blodtrykk, bremsar utvikling av demens og aukar lykkekjensla.
Hobby til felles glede
Venneparet Emilie og Hans-Marius er einige om at livet består av meir enn strikking og gitarspeling. Emilie har sambuar og studiar, og har hest som sin store lidenskap. Hans-Marius drøymer om å spele i Royal Albert Hall, og snart blir han og kona foreldre.
– Så, Emilie; Det er berre å strikke fleire babyplagg, flirer gitaristen.
- Les òg: