Seks kjente personar har så langt fått skreddarsydde klede i årets sesong av Symesterskapet, som no er inne i finaleveka.
Plagga er allereie godt i bruk, og piffar opp kjendisane både på scener og samlingar. Kleda kallar også fram gode minne frå då dei var kundar i programmet.
Sanna Khursheed
- Influensar og siviløkonom
- Kunde i episode 20 og episode 21
- Valde kjolen som Zenab Mahmood sydde
Sanna lot deltakarane sy om sine vakre, pakistanske festkjolar til nye, moderne kjolar.
– Det er veldig kult at antrekket kan brukast på fleire måtar, eg har brukt kjolen i kombinasjon med jeans på restaurant. Niesene mine elskar vesten, og har brukt den meir enn meg! Heile antrekket vil eg bruke til fest.
– Kjolen framhevar kroppsfasongen min, som er viktig for at eg skal trivast i den.
– Eg har absolutt blitt meir forsiktig med impulsive kleskjøp etter dette, vi prøvar også på meir gjenbruk i familien ettersom vi er fleire jenter i heimen.
Penelope Lea
- UNICEF-ambassadør
- Kunde i episode 17 og episode 18
- Valde skjørtet som Guro Flåten sydde
Penelope trengde eit varmt skjørt i arbeidet sitt, med stor lomme til notatblokker.
– Eg er veldig fornøgd med skjørtet! Eg likar at det har eit slags landskap gjennom formene og den blå UNICEF-fargen. Og så likar eg at det er varmt og toler at eg arbeider ute med det.
– Lommen var akkurat slik eg ønskte. Eg får til og med plass til heile boka mi i den, utan at det synast!
– Det var veldig fint å følge arbeidet til dei som sydde. Eg har følt respekt ei stund for plagg eg går med, men den respekten blei kanskje endå større etter Symesterskapet.
Kjartan Lauritzen
- Musikar
- Kunde i episode 14 og episode 15
- Valde jakka som Margrethe Oma sydde
Kjartan ønskte seg eit sceneantrekk som skulle vere lett å flerre av seg på scena.
– Eg er veldig fornøgd! Sjølv om vi berre hadde ein enkelt samtale, synest eg ho trefte veldig på kva stil eg føler meg komfortabel i. Litt artig, litt kult, enkelt og greitt. Fargane er veldig fine, stilig at den er laga i handklede-stoff.
– Eg kjem til å bruke jakka i ny og ne på konsertar, då likar eg å bruke litt forskjellig ut ifrå dagsforma.
– Eg synest jo det er fascinerande å sjå at ein kan lage kva ein vil, akkurat slik ein vil, i det tempoet som dei gjorde.
Carina Carlsen
- Kroppsaktivist og burleskdansar
- Kunde i episode 11 og episode 12
- Valde kjolen som Zenab Mahmood sydde
Carina ønskte seg ein pen kjole med særpreg, til bruk på jobb hos Likestillingssenteret.
– Det eg likar best med kjolen, er korleis den ser ut på. Eg synest kjolen passar til det aller meste, både jobb og privat, og kjem til å bruke den masse.
– Då Zenab trakk fram stoffet, syntest eg det var frykteleg stygt, og avskreiv eigentleg heile kjolen. Så fekk eg ei heilt anna kjensle då eg tok den på – det var gøy!
– Eg likar veldig godt fokuset på kreativ gjenbruk. Å få vere med på Symesterskapet har vore spennande, eg blir inspirert til å lære meg å sy sjølv. Eg ser jo kor mykje fint ein kan trylle fram!
Tom Victor Gausdal
- Kokk og medeigar i restaurantkjeda Lava Oslo
- Kunde i episode 8 og episode 9
- Valde skjorta som Roberto Espinoza sydde
Tom Victor skulle få sydd ei skjorte av gamle kokkeklede, som deltakarane også malte.
– Det var morosamt å sjå dei jobbe kreativt med handverket, og lage ny design. Det kan overførast til kokkeyrket også: Å ta det ein har og lage noko nytt.
– Eg likar veldig godt at skjorta er litt rock 'n' roll. Det er også veldig bra handverk, føler eg, den sit så godt på.
– Eg syr litt sjølv når symaskina er framme, bamsar og slikt. Då eg var 16 år og skata, ville eg ha ei bukse alle i USA hadde, men som ikkje fanst her. Då designa og sydde eg mi eiga, det var gøy!
Iselin Shumba
Iselin var den første kunden i årets sesong, og skulle få ei lekker jakke av spesialvevd ull.
– Eg elskar ulljakka eg fekk i Symesterskapet, og brukar den masse!
Ho er svært fornøgd med zero-waste designet som blei laga til ho, som gjer at ikkje noko av stoffet gjekk til spille då plagget blei sydd.
Jakka held ho både varm og tørr. Stoffet er nemleg ein unik reproduksjon av eit vakkert og slitesterkt ullstoff som vikingane brukte, og som kan seiast å vere den tids gore-tex.
Hemmeleg finale-kunde
Det blir god stemning i studio når den siste, hemmelege kunden kjem til Symesterskapet i dag, onsdag 3. november.
Først då får deltakarane vite kva finaleoppgåva går ut på.
Resten av dagen får finalistane planlegge kundeantrekket, før dei skal sy det på den store finaledagen torsdag 4. november.
Gå ikkje glipp av sesongen kreative innspurt!