Hopp til innhold

Oslo-skytinga: Mistenkjer ikkje svikt i behandlinga

Matapour skal ha fått forsvarleg helsehjelp dei siste fem åra.

Zaniar Matapour - bildet er hentet fra et overvåkningskamera på en restaurant i oslo. Matapour har på seg blå tskjorte og en sort lue. Han har grånende skjegg. Rundt ham er trebord og mørke skinnstoler. Han ser til høyre ut av bildet.

AVSLUTTAR TILSYN: Matapour skal ikkje ha opplevd svikt i behandling.

Foto: politiet

Statsforvalteren i Oslo og Viken avsluttar tilsynet etter barskytinga i Oslo, der to personar mista livet. Dei mistenkjer ikkje svikt i behandlinga, skriv dei i ei pressemelding.

Tilsynssaka vart oppretta 28. juni. Målet var å undersøke korleis helse- og omsorgstenesta hadde behandla Zaniar Matapour dei siste fem åra.

Anne Hilde Crowo, kommunalsjef helsetjenester drammen kommune

Statsforvaltaren har avslutta tilsynssaka, fortel fylkeslegen.

Foto: Azad Razaei / NRK

– Vi har konkludert, etter å ha gått nøye gjennom den dokumentasjonen med våre legar og juristar, at det ikkje er noko grunn til å mistenke svikt i helsetenesta, seier fylkeslege Anne Hilde Crowo til NRK.

Det er fire verksemder som har sendt inn dokumentasjon: Oslo kommune, Oslo universitetssjukehus, Diakonhjemmet sjukehus og Lovisenberg Diakonale sjukehus.

OUS - skyting i Oslo

Oslo universitetssjukehus er ein av verksemdene som er undersøkt. Her frå 25. juni etter skytinga.

Foto: Simon Solheim / NRK

– Denne saka har vi prioritert og jobba intensivt med, understrekar fylkeslegen.

No som dei har konkludert i saka, er den avslutta.

– Tek det til etterretning

Forsvarar av den sikta, Bernt Heiberg, seier dei er informert om konklusjonen i saka.

– Vi tek det til etterretning, seier han.

Heiberg seier dei forstår konklusjonen slik at den sikta har fått forsvarleg helsehjelp.

Forsvararane har tidlegare sagt at dette er viktig å undersøke.

Les også Psykisk helse var tema i rettssaker: – Det er helt sentralt

Zaniar Matapour - bildet er hentet fra et overvåkningskamera på en restaurant i oslo. Matapour har på seg blå tskjorte og en sort lue. Han har grånende skjegg. Rundt ham er trebord og mørke skinnstoler. Han ser til høyre ut av bildet.

– Det er altså ikkje eit uttrykk for om han er sjuk eller ikkje, men at han har fått den hjelpa han har krav på, understrekar Heiberg.

Kva som ligg i denne konklusjonen er han meir forsiktig med å kommentere, sidan dei ikkje har innsyn i dokumenta statsforvaltaren legg til grunn.

Matapour er ikkje informert om konklusjonen.

– Sikta er varetektsfengsla i full isolasjon, med medieforbod, så han får inga informasjon om det som skjer på utsida.