Hopp til innhold

Inviterer til regnbogemarkering framfor rådhuset

Den skeive rørsla arrangerer ei markering på Rådhusplassen etter terroråtaket.

Folk strømmer til med blomster og flagg utenfor London pub i Oslo.

MARKERING: Mange har lagt ned blomster ved den avstengde gata der skytinga skjedde.

Foto: Håvve Fjell/Privat

Etter skytinga i helga, vart alle Pride-arrangement avlyst.

Sjølv om folk samla seg til ein spontan parade på laurdag, er det framleis usikkert når Oslo Pride kan gjennomføre offisielle arrangement.

Likevel har politiet godkjent at dei forskjellige skeive organisasjonane kan halde ei markering på rådhusplassen.

Markeringa vil skje måndag kl. 19.30, med musikalske innslag og taler.

Viktig med ei markering

I dag har heile den skeive rørsla samla seg i eit møte for å finne ut korleis vi skal handtere det som skjedde laurdag, seier Inger Kristin Haugsevje, leiar i Oslo Pride.

Inger Kristin Haugsevje.

Oslo Pride vil likevel få samla folk, sjølv om dei ikkje kan gå i tog.

Foto: MATHIAS MOENE RØD / NRK

Ho oppfordrar alle til å ta med flagg og parolar.

– Ta med det de ville brukt i Pride-toget.

Sjølv om det truleg blir ei stund til miljøet på nytt kan samle seg i eit offisielt tog, vil dei likevel få til ei skikkeleg regnbogemarkering.

På sjølve arrangementet vil det vere ulike skeive organisasjonar som held appellar, artistar frå rørsla og eit minutt med tystnad.

Dette er ei politisk markering som vi gjer i solidaritet med dei som vart angripen.

Kommunen stiller med ressursar

– Det vil bli trygt, det er politiet klare på. Oslo kommune stiller opp med Rådhusplassen og 500.000 kroner, seier byrådsleiar Raymond Johansen.

Raymond Johansen, byrådsleder (Ap)

Oslo kommune skal stille opp med ressursar.

Foto: Birgitte Wold Ingebretsen

Han oppmodar alle om å møte opp i solidaritet og slå ring rundt det skeive miljøet.

– Oslo skal vere ein open, raus og inkluderande by. I morgon blir det ei viktig politisk markering som vi støttar opp om, seier Johansen.

Oslo kommune sette krisestab laurdag morgon for å handtere hendinga, og kommunen sitt kriseteam har teke telefonar frå folk som treng å prate med nokon.